Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 4. september 2010

Fleire dråpar - meire søl.

Eg krusa i Sunnhordlansbassenget i går. Ein nydeleg dag då sola skein over Svanaheio, og frøken Smiley på Teisten stråla omkapp med morgensola. Ho er viden kjend blandt dei reisande, denne frøken Smiley. Ho sel billettar utan å tåla noko knussel. Ho er sjefen.
På Sundekaien flokkar folk seg nærare landgangen, jo nærare båten kjem til kaien. Denne almenmennesklege drifta som får folk til å stimle saman, er universell. Ein kan sjå fenomenet på alle av jorda sine halvkuler. Ein lidenskap etter å få stilla seg i kø anten det er på flyplassar, kinoar eller toalett. Ei slags murring i kroppen styrer åtferda, særleg i toalettkøane.
Andefuglar kappfyk med Teisten over Klosterfjorden, og slår han med eitpar knopp. Eg skal nå timen min hos augelegen, og er rastlaus.  Ikkje etter å koma fram, men på grunn av spenninga omkring kontrollen. Sist var det jo bra.
Denne gangen var det skitt igjen. Det blei skrive ut resept på fleire flasker. Nye dosar skal i auga. Morgen, morgen og kveld. Nå gjeld det å vera klar i hovudet og stø på handa om dette skal gå bra.
Som ein slags bonus tok Teisten meg på eit skikkeleg Sunnhordlandskrus på heimturen. Både Fjelbergøy og Borgundøy glitra i solskinet. Eg steig av på Sunde. "Takk for turen", sa eg til frøken Smiley. Og tenk, ho såg på meg. Men smilte gjorde ho ikkje.

1 kommentar:

  1. Fin tur! Eg sat ein gong på båten og skulle til Sunde, men kjende dårleg til den nye ruta. Ute på fjorden glytte eg ut kuauget og såg eit landskap eg ikkje kjende att. Fanken! tenkte eg. Eg er komen på feil båt! Nei, ved nærmare etttersyn fann eg ut at eg var komen til Borgundøy, og at båten skulle dit før Ranavik! Flott å sjå Halsnøy frå baksida.

    SvarSlett