Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 27. februar 2011

VilVite

I Bergen regnar det i dag. På Askøy også. Når ein er barnevakt for to aktive ungar og har den tredje med seg heiamfrå, kan slike innedagar når regnet ausar ned, bli trasige. Kva gjer ein og kor går ein då. Jo til VilVite-senteret på Møhlenpris sjølvsagt. Vitelystne skuleungar og besteforeldre med innegris-lyster, høyrer til der på ein dag som denne.
Selskapet Bergen Vitensenter AS, som vart stifta hausten 2005, er eigd av Bergen kommune, Hordaland Fylkeskommune, Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen og Bergen Næringsråd. Senteret skriv slik om seg sjølv: 
"Vitensentre legger vekt på det interaktive og er rettet mot menneskene som tenkere, skapere og brukere i stedet for passive forbrukere og tilskuere. Publikum skal ikke fortelles hvordan verden er, de skal bli inspirert til å finne ut av det selv."
Å finna ut av det sjølv er ei utfordrande og ambisiøs målsetting. Det tyder at dei vaksne i større grad enn elles, også vert innvolvert i barna sine utforskingar og utprøvingar. Mange av aktivitetane var slik at fleire måtte delta. Framifrå situasjonar for aktivitetar på tvers av generasjonkløfter. Her kunne ein finna både kroppslege og mentale utfordringar.
Denne empiriske måten å tileigna seg kunnskap på, er ikkje ny. For over hundre år sidan målbar m.a. den amerikanske psykologen John Dewey eit slikt læringsyn. I den norske skulen har ein i ein viss, om enn beskjeden, grad prøvd seg på slikt. Men det har blitt med forsøka. Metoden er tidkrevjande og kostbar. Det krev mindre ressurser å la elevane sitja roleg i klasserommet og suga til seg kunnskap frå ein doserande lærar.
På VilVite-senteret satt ikkje borna i ro. Ikkje dei vaksne heller forresten. Det blei ein dag med mykje samhandling og ikkje lite morro.
Eg er glad det regna på Askøy idag...

1 kommentar: