Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 2. mars 2011

Flate former er attraktivt

Det blir ein dag på kne. Flatpakkane eg henta på Ikea i Åsane, skal opnast, innhaldet monterast og plasserast. Å montera Ikea-møbler plar vera eit greitt arbeid, om ein berre har unbrakonøkkel då. Og det har ein jo, til og med motorisert i desse moderne tider. Monteringsforklaringane er utan ord. Dei er samansette av teikningar aleine. På det viset kan ein kinesar like greitt som meg, skjøna framgangsmåten. Ja ikkje berre ein kinesar, men ein mann i eitkvart av de 38 landa der Ikea har utsal, vil skjøna kva ein skal gjera. Kor mange av kvinnene som og vil skjøna det, er eg usikker på og vil difor ikkje talfesta.
I morgon dreg eg til fjells. Om det vert ein dag på kne eller på trynet får tida visa. Av kroppslege grunnar har eg ikkje vore særleg på ski dei siste 2 åra. Den utfordringa som ligg i første nedoverbakken frå parkeringsplassen med pulk på slep, er alltid spennande. Og i år vil dette gi spenning i overkant, trur eg. Eg har førebudd meg som best eg kan mentalt. Følgt nøye med på korleis Petter Northug og Marit Bjørgen tek nedoverbakkane, og gjennomgått løypa i hovudet fleire gonger. Så ånden er villeg med kjøtet er om ikkje skrøpleg, så iallfall litt skjelvent. Men sidan ånd er kraft, går det nok bra i år og. Så når eg først er komen meg ned denne bakken, på eit eller anna vis, er det flate viddene innover til hytta.
Flate pakkar og flate vidder, det er praktisk og håndterbart. Iallfall om dei flate viddene også er horisontale.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar