Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 26. februar 2011

Fotografering

Eg har reist til Askøy. På denne øya konkurrerer asketreet og folketalet om å vera i best vekst. Sidan Askøybrua kom i 1992, og særleg etter at bompengene forsvann i 2006, har folketalveksten vore ein av landest største her. Sonen min har ytt sin skjerv til dette. Her bur han med kone og to barn, og her ser det ut som om han trivs.
Me skal passa dei to barna nokre dagar nå, mens foreldrene nyt nokre dagar i Kongens by, København.
Turen frå Kvinnherad til Askøy gjekk over Tysse i Samnanger og vidare gjennom Trengereidtunnellane til Bergen.
For moroskuld køyrde eg med bilnavigatoren påskrudd. Fleire gonger sa "Gry" til meg at "Fotoboks lenger framme, fartgrensa er ...". Eg er glad i denne tenesta. Ho har spart meg for mange tusen kroner i løpet av siste desennium.
Eg har vore slarven med å oppgradere navigatoren med tenesta i det siste. Har tenkt at Staten med sitt vegstell sikkert ikkje er så aktive med å plassera ut nye fotoboksar.
Eg tok feil. Like før ein tunnel vart eg blenda av eit intenst knallraudt blink. "Det var eit sterk blink om det gjaldt autopass registrering", meinte kona. "Det var ikkje det", sa eg. "Hugsa du å smile, eg meiner me blei foreviga".
Ikkje-referable utsegn kjem frå passasjersetet, og eg føler ei kort stund at eg står lågt i kurs. Men sidan penger aldri har vore avgjerande for samlivet vårt, reknar eg med at slike kjensler som spontant kjem til uttrykk frå mi høgre side, er av temporær karakter.
"Skal bli spennande å sjå bilete", sa eg. "Ja, håpar det blir bra", sa ho.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar