Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 23. februar 2011

På venterommet.

Minus 6 grader og vind på styrke 4m/s kjennes som minus mykje meir. Eg går iland på Leirvik i dette veret idag. Ingen grunn til å fingå rundt på oppdagarferd her. Det er alt for kaldt og alt for lite nytt å oppdaga. Eg set kursen rett mot venterommet til augelegen min. Der er det varmt, stille og eg kjenner meg som heime der på Bytunet . Eg er alt for tidleg, og må såleis innstilla hovudet mitt på ein halv times ventetid . Dei kulørte blada er dei same som sist. Kapital, Hytteliv, Bonytt og Donald. Alle eit par år gamle. Det er ikkje på det planet augelegen min set inn ressursane. Ei kvinne kjem inn på venterommet. Ein pasient til altså. Ho heng frå seg uteklærne, og myser på skiltet inn til toalettet. Ho går inn dit, og eg høyrer det sildrar i skåla. Det er nok eit ordensmenneske som ønskjer å koma med tørr blære inn til augelegen. Men i augekrokane ser eg at ho er våt. Ein ungdom kjem brautande inn, og går rett mot kontordama bak glasruta. Eg har time, seier han. Ja, det har alle her, seier kontordama og sukkar oppgitt. Kan eg koma inn då, spør han. Me andre på venterommet skrapar med føtene, og vert litt oppøste under skjorta. Ein snikar? Men kontordama er ei rettskaffen og myndig dame. Ho tek seg av saka. Sandvik, kvitrar ho. Værsågod, det er din tur. Eg reiser med, rettar ryggen, hevar hovudet og skrir vyrdsamt forbi den unge snikaren. Tenkje seg slikt, tenkjer eg når eg passerer han på veg inn for å få siste nytt om glaukomet mitt.
Published with Blogger-droid v1.6.7

3 kommentarer:

  1. Ja kossen gjekk det då. Det stod det ikkje noko om.
    Turid

    SvarSlett
  2. Det gjekk så godt som det kunne gå. Dei blinde feltene har ikkje eskalert, og trykket er like under kritisk grense. Med andre ord: "Status quo ante", som me seier på Husnes.
    Eg har framleis sertifikatet i lommeboka og bilen både i garasjen og på vegen.
    Eg ser på nytt den nyfalne snøen i innkøyringa mi, men snøskyfla som står ved veggen og ventar, ser eg ikkje.
    Eg ser ennå splinten i bror min sitt auge, men bjelken i mitt eige, ser eg ikkje.
    Så eg ser det eg vil sjå, kan ein vel seia :-)

    SvarSlett
  3. Ja du ser det som me andre ser kan du sei. godt det.
    Turid

    SvarSlett