Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 1. februar 2011

Drivstoffprisar

To flytande væsker er lette å prissamanlikna mellom Gran Kanaria og Norge. Sjølv om ikkje begge er like viktige i samfunnsmessig samanheng, er dei viktige nok for einskildmennesket. Eg snakkar om øl og bensin. Korleis ville påskeferien blitt om ein gjekk tom for desse væskenene?
Her eg nå er, kostar ølet 1,50 euro per halvliter på pub, og bensinen litt under 1 euro per liter. For meg som statspensjonist, er dette råbilleg. Men for min ven, den pensjonerte drosjesjåføren, er det verre. Min pensjon er 6 gonger større enn hans. Om eg skulle vore i same kjøpekraftsituasjon som han heime i Norge skulle ølet for meg der ha kosta 72 kr halvliteren (noko som vel ikkje er så langt unna), mens bensinen burde eg betalt 48 kr literen for om eg skulle komt likt ut som han.
Så kva er det eg vrælar om heime? Livet er ikkje rettferdig. Iallfall ikkje dette livet. Skal me oppnå rettferd på dette feltet, må den norske bensinprisen aukast med ein faktor mellom 3 og 4. Men det vil vi vel ikkje, vil vi vel?

1 kommentar:

  1. Godt tenkt og like godt skrive. Lat meg leggje til at den kjære staten vår treng desse bensin- og alkoholinntektene for å betale pensjonane våre.

    SvarSlett