Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 10. februar 2011

Planen rauk.

Det var noko med meg i går. Energien var korkje potensiell eller kinetisk. Kjende at noko murra. Så på bussen til Mogan, slo det til. Svetten pipla i nakkehåra og magen skalv. Vegen til Mogan er nervepirrande der han går i ei hylle høgt oppe i fjellsida på råtafjell. Bussane fløytar infernalsk i alle svingar, det er ikkje plass til andre bilar på vegen i svingen når bussen kjem. Det var då det plutseleg gjekk opp for meg: Eg har fått spysjuke og diarè. Eg prøvde å undertrykke det. Prøvde å sitja med same trykket på begge rumpeballane, i motsetnad til det som er vanleg på denne ruta. Turen blei lang og returen kom raskt. Mogan fekk klara seg utan meg igår. Denne vakre byen, Velte Venezia, som ein seier, var eit helvete igår. Attende i bustaden ein halv time seinare var eg om ikkje glad, så iallfall redda. Det reserverte bordet for 8 på Las Vegas, der mellom anna Husnesnaboen min skulle vera med, vart vraka. Eg måtte sitja annanstad. Så la eg meg eller seig om i senga, er vel eit betre uttrykk. Eg vakna ut på kveldinga. Då lynte og tordna det både ute og inne. Og regnet hulja ned. Naboen, den 82 år gamle briten og heile hans familie hadde sessa seg ute under markisa si. Dei feira eit eller anna, og stemning der var annleis enn i stova hos meg. Han ville vel visa at han ikkje er nokon stovegris. Idag skin atter sola, og magen rumlar kontrollert innanfor shortsen. I dag er det nye sjansar. Eg må leggja ein plan.
Published with Blogger-droid v1.6.7

1 kommentar:

  1. Sjølv om du ikkje er nokon typisk livingroompig, er det noko svineri det du har kome ut for.

    SvarSlett