Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 5. februar 2011

Tur og natur.

Ny fjelltur idag. Biletet viser m.a. at sikta er god og bakgrunnen er fin. Me såg like til Teide på Tenerife i dag. Toppen der var kvit av snø, som alltid. Ein tur i fjellene her på Gran Kanaria er ikkje for pysar. Her må ein ikkje vera overfølsam for monstermaster eller andre naturforureiningar. Mykje av den fyllmassen som er brukt for å betra turstiane, er regelrett avfall av alle slag. Plast, glas, kartong og keramiske fliser. Her hadde Oddekallen gått amok. Spanjolane her synes ha eit avslappa forhold til det meste. Lovar i Eu og fastlandsspania gjeld liksom ikkje her. Korkje røykelova eller dei 10 boda synes ein å sjå fanatisk på. Her er ein pragmatisk, avslappa og ser stort på det.
Published with Blogger-droid v1.6.7

1 kommentar:

  1. Det er vår felles venn Helge som har ordna det. Eg hugsar at han alltid gremma seg over returordninga for t.d. flasker og glas. "Bruk det som fyllmasse lokalt, de er det mest miljøvennlege!" sa han. Fornuftig!

    SvarSlett