Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 9. februar 2011

Å følgje planen.

Veit ikkje heilt kva det blir til idag. Når ein er på reise, er det liksom ikkje stovereint å vera stovegris. Situasjonen forventar av ein at det er ute ein skal vera. Når ein har rista  av seg kuldegradene,  og reist i timevis, må ein sørgja for å få mest mogleg att for investeringane.
Men så kjem desse dagane då ein heller vil sitja på terrassen og kvila seg. Lesa ei bok, surfa med mobilen, slumra litt og oppføra seg slik ein stundom gjer heime. Er slikt lov idag, skal tru?
Klokka er alt 11, og dagen som starta grå og trist, er nå skinande og glad. Så planen me la i går, kan realisert. Sola er ein streng herre, når ho smiler er det ikkje enkelt for stovegrisane. 
Eg fyller opp vassflaska,  pakkar ryggsekken og legg på solkrem. Spenner på meg joggeskoa,  festar solbriller på nærsyntbrillene, og er klar. Å følgje planen har alltid vore ein ledetråd i livet mitt.
Skal du ut å gå idag att, spør naboen. Ja du veit ein kan jo ikkje verta stovegris, seier er. Eller, livingroompig, er det eg seier. Han er jo engelsk, og ser forvirra ut der han sit på terrassen sin. I don't like pigs either,  seier han.

1 kommentar:

  1. Håpar du ikkje sleit deg ut på turen. Ikkje eingong eg har vore livingroompig i dag, eg har faktisk grunningsmåla ei heil dør! Så i morgon kan me unne oss ein kviledag. (Men eg må først på jobb, dessvere.)

    SvarSlett