Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 16. februar 2010

Panikken breier seg

Det er nest siste dagen her. Og vi er ikkje klare for heimreise ennå. Nå gjeld det å få med seg resten av moglege opplevingar, og maksimalt utbytte av gratis bagasje kiloar på KLM.
Såleis brukte vi det meste av dagen i går til å tråla gjennom sør Thailand mot grensa til Burma. I den store nasjonalparken Khao Sam Roi Yot, berget med tre hundre toppar, opplevde me eit makalaust landskap av frodige sukkertoppar, som var grønne heilt til topps. Våtmarker, saltsjøar og risåkrar. Me kasta oss på elvebåtturar, grotter og tempel. Me vitja markeder og bensinstasjonar. Strender og gatekjøken.
Idag startar pakkinga. Det skal pakkast, vegast, handlast og vegast på nytt. Ikkje eit gratis bagasjegram skal me tapa.
I kveld går turen til Cha-Am. Middag med dei før omtala "kinesarane".
Så det er full fart her. Me står på heilt til kl 18 i morgon. Då tek drosjen oss til flyplassen

2 kommentarer:

  1. UFF - nei e nok ikke kjekt med siste dagen. Det er då ein ser at det skulle vart mye lenger. Går for fort tiden. Men håper dere syns det blir kjekt å komme hjem også. Ha en god reise og velkommen tilbake til gamle trakter. Gunhild

    SvarSlett
  2. Anne og eg tek ikkje det så tungt at de lyt heim snart. Me ønskjer dykk hjarteleg velkomne tilbake til Kvinnherad og gler oss til å sjå dykk att.

    SvarSlett