Eg står opp. Dusjar meg. Gårkveldens rester av myggkrem og Chang skal av og utav kroppen. Eg hatar når slikt gammalt får liggja og røra i lekamen min etter soloppgang. Eg smører meg inn med ny faktor 12, men Changen får venta.
Ei kvarter seinare putrar kaffien og egga hoppar i det kokande vatnet.
Bordet er dekka av alt ganen kan lysta og magen kan tåla av kjøtmat, grønnsaker og ikkje minst frukt.
Så er det å vekka kona og freista henne med alt dette. Det tek si tid å få henne på beina. Men ho klarer det idag og.Under frukosten herskar det ein tilstand av ro, harmoni, fred og glede. Nærare Nirvana kjem eg neppe. Denne stunda mellom natt og dag då berre smattinga blandar seg med fuglekvittringa. Stunda då alle mine sinnsgifter er fråverande.
Hos ein ekte buddhist er Nirvana ein permanent tilstand.
Når kona avbryt stunda, reiser seg og seiar at oppvasken står for tur, skjønar eg at min Nirvana berre var ei flyktig lykkekjensle. Men eg er jo heller ikkje buddhist, så eg får nøya meg med det.
For å sitere Per Håland (som færre og færre veit noko som helst om): Ei sognajenta hadde vore i fint lag, fekk fin mat med frukt til dessert og snakka fint mål då ho kom heim og fortalde: "Først ble vi bespist, så ble vi befruktet."
SvarSlettPer Håland, redaktør i Gula Tidend om eg hugsar rett. Eg traff han i Spikersuppa eingong på 80-talet. Eg var på sensortur i Oslo. Artige kar, iallfall etter eit par halvlitarar, såvidt eg minnest
SvarSlettGunhild har lest kommentarene, og sett dere har fått beskjed om tomme vedlager, værmelding og hvordan vi har det på andre siden av kloden. Etter snart 2 mnd med snø og is lurer vi litt på når den globale oppvarmingen kommer, men har sett de har de tøfft i Australia med tørke. Etter halvgått tid i Thailand, ha en fin sluttspurt.
SvarSlett