"Oh Papa, welcome to my shop", seier den vakre kvinna med fillipinsk opphav bak disken i optikarbutikken. "I've been her before", seier eg. "Oh you are an old customer Papa, then you are very special to me", kvitrar dama. Det var da som søren med dette Papa-greiene.
"Yes, I was here about a hundred years ago", seier eg. "Oh Papa, so nice", seier ho, og skjønar litt for seint at den replikken var meir ein tåpleg høflegheitsfrase enn eit fornuftig innlegg i samtalen. Ho ler og roar seg etterkvart noko ned med desse høfligheitsgreiene.
Eg handlar med nye briller. Eg svik Specsavers på Husnes, og grunnar litt over kvifor Gertzen måtte leggja ned optikarbutikken sin der.
"Best quality in Thailand", kvitrar kvinna. Eg trur ho trur eg trur henne.
"Welcome back another time, Papa". Søren der begynnar ho igjen.
"Yes I'll be back within a hundred years", seier eg. Ho smiler og ler. "You are very welcome", seir ho, og godttar seg over ein kunde som berre klarde å prutta prisen 1000 bath ned.
Eg går vidare med skreddarbutikk i blikket. Ein skulle tru det syntes på meg. På det eine kvartalet å gå vert eg forsøkt stansa av 5-6 skreddarar. Dei vil ha meg inn i sin butikk. Eg rettar ryggen og smiler avvisande. Eg skal til min skreddar. Denne nepalske fagmannen som har sånt lunt vesen og så kaldt drikkevatn. Der butikklokalet luktar av ull og silke, har aircondition og mjuke skinnsofaer.
"Long time no seen", seier eg. Han ser litt usikkert på meg, før eg er "plassert".
Ein ny handel er igang.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar