Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 20. februar 2010

Om å treffa holet.

Under opphaldet i Thailand i 2007, fekk eg nase for mange av dei lokale dassa, som eg rett ofte måtte nytta.  Under turen dit i år var besøka på desse småromma i restaurantar og kafear ikkje sjeldnare. Og standaren var framleis variabel. Eg sleit til tider med å treffa holet. Men etter det min ven, båtbyggar Arne i Kina, kunne fortelja, var Thailand også på dette feltet reine luksusen i høve til kinesisk standard.  I Kina har ein berre hol i golvet der vatnlås sjølvsagt ikkje finns, og der lukta opp av holet såleis er intens og bedøvande. Men Arne gav meg ei oppskrift for holtreffsuksess, som eg nå har innøvd. Då eg skjønar at dette kan vera til nytte for andre, deler eg raust dette knepet her:

Ein måler seg sjølv frå anus til kneet.  Dette målet set ein av frå holet i golvet og bortetter golvet, og set ein kritstrek, a,  på golvet der. Så treiknar du ein strek, b,  frå golvholet vinkelrett på den første streken. Ein har då dette bilete på golvet:


Den vidare framgangsmåten er slik: 
Set beina på tverrstreken a, sikt med midtorganet ditt slik at det er rett over streken b.  Bøy knærne og la det stå til. Då treff du holet garantert, gitt at du sit på huk med 90 graders vinkel i knærne. Om du ikkje gjer det, kjem cosinusrekning inn i bilete om du skal få blink. Det vert alt for komplisert, og du drit deg sannsynlegvis ut.
Denne metoden nytta Arne konsekvent i YiChang i Kina, der han og Solveig har budd dei siste 2 åra som einaste europearar.

Eg prøvde metoden på ovanståande  dass i Hua Hin. Ein luksussak i høve til Arne sine Kinahol som du kan studera her. Eg kan innestå for at det vart ein suksess.
Ein reinsleg måte å få letta på trykket, utan å grisa til skoa med eige produkt. Nedspylinga med blå bøtte frå bedriten vasskum, høyrer ikkje med til denne soga. 

Ein stor takk til Arne, som nå er attende i YiChang. Så vidt eg skjønar har metoden ingen copyright.

3 kommentarer:

  1. Er det så ille da, men gode illustrasjoner. Som fast leser av Barack Obamas facebook-sider, har jeg ikke kommet over slike problemstillinger. Men han har også grafer og skisser over de problemene som finnes der. Han meiner nå dei er i ferd med å recover. Regner med at det samme er tilfelle hos dere. Gunhild

    SvarSlett
  2. I dag har eg skrive om skihopping og Gunnar om asiatisk dobesøk. Og då vil eg leggje til at utgangsstillinga i desse to disiplinane er nokså lik.

    SvarSlett
  3. Ja Reidar, mange likskapar her. Begge må gi alt, og prøva å halda seg på beina.
    Ein viktig skildnad likevel er dette med å treffa/ikkje treffa kanten.

    SvarSlett