Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 4. februar 2010

Halvgått løp

Det må bli eit kort innlegg idag. Eg ser halve tida mi i Thailand er forbi. Kan ikkje kasta resten vekk med tasting, tenkjer eg. Det er så mykje anna eg må rundt å observera, fotografera og dokumentera. Smaka og lukta på. Slik som igår t.d då eg var på apeberget. Apekattane som satte slik pris på meg, at dei nappa i pengeveska mi. Ville vel ha seg nokre slantar. Iallfall satte dei pris på denne kvite slektningen frå Husnes.

Om kvelden taxa me til byen. Det vart vestleg mat på tallerken for eingong skuld. Heilt vanleg T-bone steik, men med dugande sausar og jordbær med krem som punktum. Me labba rundt på nattmarkedet etterpå. Småhandla og snusa på rare lukter og svette folk. Me blei praya av ein pirattaxi som køyrde oss heim for ein slikk og ein ingenting.
Eg vil vera lenge her skjønar eg, etter å ha lese Reidar sin blogg om glattå i Kvinnherad. (Sjå den lesbare blogg her: http://reidarfk.blogspot.com/ )
Spør om eg har spart meg ved i vinter og snømåking.
Nå skal eg ha min ikkje sjeldne trim tur på stranda. 5km kvar veg. Berrføtt.

2 kommentarer:

  1. Og i dag har me hatt snøføyke og om lag null grader som kjennest beinkaldt på grunn av vinden. Men me er så heldige at me har noko å glede oss til, nemleg meir sol og varmare dagar etter som tida går, mens de må kvi dykk til at de er over halve tida i paradiset dykkar og snar må heim til det kalde nord!

    SvarSlett
  2. Ser du gledar deg over å sleppa snømåking....ja det er det jo andre som tek seg av....hm...og som takk for jobben passar vi på å låna ved i boden...så spart ved i vinter?? eg veit ikkje heilt..helsing huspassar,snømåkar og datter ellinor.

    SvarSlett