Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 1. februar 2012

Snart reiseklar

Jo eldre eg blir, dess sjeldnare synes eg at kroppen min spelar i same divisjon som meg. Ofte kan det opplevast på same måten som om fotballklubben Barcelona og Trio skulle bli sett til å duellere. Barcelona gjennomfører ting som det andre laget berre ikkje har sjanse til å henga med i. Slik er det her i gården også: Kroppen vert som Trio. Vil så gjerne, kan så lite.
Trio var betre før. Så også med kroppen. Nå er det vinteren han slit med. Prøver å legge skylda over på holkeføre og blåe temperaturar.  Seier at det er best i godstolen nå. Ute kan ein bryte lårhalsar og  halebein.  Seier at ein ikkje treng å stressa seg opp med lange unikkar og Ulvangsokkar, når ein kan sitja inne i den herlege brisen frå varmepumpa. Tenk på blodtrykket, seier kroppen. Det systoliske og det diastoliske, seier han.
Eg lyttar til kroppen min. Yngvar Andersen seier ein skal det, trur eg. På Puls seier han det. Med minimale buksestorleikar, seier han det.
Eg går til fastlegen min. Han heng på meg berbar blodtrykksmålar. Den pumpar opp så det durar rundt om på kroppen min kvart kvarter. Ver roleg når målinga skjer, sa fastlegen. Difor frys eg til, og vert ståande i frysestilling mens lufta strøymer ut att av målaren. Slikt er ikkje heilt greit i alle omgjevnader og situasjonar. Trykk koden nå, seier kassadama i butikken. Men eg må forhalde meg roleg til målaren har stønna frå seg. Kassadama vert usikker. Eg ser ho slit med å takla dette.
På apoteket har dei blodtrykksmedisin. Eg investerer i kopimedisinen,  og sparer mange hundrelappar på det. Nå er det bra, seier fastlegen. Nå er du reiseklar.
Eg pakkar 20 kg i kofferten og 10 kg i håndbagasjen. Det er kva Kjosen meiner eg bør klara meg med i 6 sydenveker. Halve håndbagasjen er medisin. Resten er leidningar og duppedingser. Så har eg litt både til å knaska på og til å fikla med dei neste vekene.
Eg får nok ikkje sjå Barcelona. Men kanskje Malaga CF. Greitt nok det.Dei ligg på 8. plass i den spanske ligaen. Det er nok hakket over Trio det også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar