Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 23. januar 2012

Ein kamp på nye premissar

Snø har vore mangelvare hittil i vinter. Ikkje det at nedbøren har uteblitt, men han har hatt feil konsistens. Og feil farge, nett som plenen. Grøne plenar i slutten av januar venner eg meg ikkje til. Eg aksepterer det beint fram ikkje. Og ting ein ikkje aksepterer, bør ein jo gjera noko med. Men det har blitt med dette som med mykje anna som eg ikkje aksepterer. Det har blitt mykje ord, og lite handling.
Så endeleg i natt skjedde det noko. Etter tre rundar på beina i løpet av natta, med stadige glytt mellom persiennane i soveromsglaset, lava snøen ned. Før eg kom meg i buksa, høyrde eg snøplogen buldre forbi ute i gata. Nå er det ut å måke, tenkte eg. Eg visste presis kor snøskufla mi var plasert. Ho har stått klar i nokre månader like innanfor vedboda. Når kampen kjem, skal eg ikkje vasa rundt å leite etter utstyret, har eg tenkt. Kampen går på å få innkøyrsla rein for snø før naboen. Då tenkjer eg ikkje på naboen mot nord. Den slasken, han reiste til Gran Kanaria på lørdag, utan å ha brøyteberedskap i heimen. Nei, det er han mot vest eg kjempar mot. Denne nordlendingen som alltid skal syna alle at der "æ" kjem frå, kan ein dette med snøtraktering. Som ein driven bondeson frå Rogaland, har eg likevel ved einskilde høve overlista denne fiskarsonen frå Nordland. Då har eg brukt både kløkt, kraft og teknikk.
I dag ana eg uråd straks eg opna utgangsdøra. Kven er det som klipper plenen, var det første som slo meg. Men då eg såg den kvite spruten, mest som ein tornado, over tomta til naboen, skjøna eg. Svarten! Har han kjøpt seg snøfresar? Eg sette snøskufla frå meg, og pusla roleg innatt i huset. Eg ventar litt med måkinga, seier eg til kona.
Ufine middel for å nå sine mål, tenkte eg. Heng eg etter i den teknologiske utviklinga, tenkte eg og.  Kor mange hestekrefter er det i den der skal tru. Eg ville hatt ein breiare med høgare marsjfart.
Eg ser det litt an. Eg skal ta nokre observasjonar av tidsbruken og finishen hos naboen dei næraste dagane. Etter det eg såg frå min plass bak gardinet idag, tok det si tid. Eg skal, når eg er over vonbrotet, ta opp kampen mot snøfresaren med snøskufla mi.
Men først må eg til fastlegen og måle blodtrykket. Held det systoliske seg under 140 mm Hg, er eg startklar. Om ikkje, må eg finna andre løysingar.

2 kommentarer:

  1. Slapp av, skyfl på gamlemåten. Ein slik penisforlengar som naboen din har kjøpt, treng ikkje du! Eller ...?

    SvarSlett
  2. Nei, det har eg då aldri sakna.

    SvarSlett