Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 3. april 2011

Innovasjon i kvardagen

Eg var på Polet igår. På AS Vinmonopolet. Det er dit eg må, for å kjøpa drikkevarer med meir enn 4,75 volumprosent alkohol. Eg hadde tenkt meg noko som låg over det.
På denne framifrå butikken, er varene ordna etter kva land dei kjem frå, og kor kjekt ein ønskjer å ha det i konsumfasen. Til tross for dette  systematiske og oversiktlege arrangmentet, er det ofte vanskeleg å finna det beste for gane og pengebok. Om ein ikkje på førehand har tenkt ut kva ein skal ha, kan det bli mykje lesing på hyllekantar og flaskeetikettar. Det røyner på rygg, knær og tåspissar å få med seg alle varefakta.
Før eg gjekk på Polet, var eg innom Europris og kjøpte ein klappstol til påskebruk på hytta. Stolen som var uinnpakka, bar eg med meg inn på flaskebutikken. Ingenting var difor meir naturleg, enn å setja stolen frå meg i utslått tilstand ved "Raudvin frå Frankrike" -hylla. Og når stolen først stod der, og det var mykje informasjon som skulle lesast og vurderast, sa det seg sjølv at eg sette meg ned på han mens eg finlas varefakta.
Eg tenkte ikkje særleg over denne åtferda. Det er jo vanleg å sitja på bibliotekkrakkane ved bokhyllene, når eg les omtalar på baksida av bøker eg tenkjer å låna. Men sørvisen på Polet er betre enn på Biblioteket. Eg hadde ikkje sete lenge, før ei av poldamene kontakta meg og tilbaud hjelp. "Nei, eg skal nok finna ut av det", sa eg. "Har du stol med deg idag"?, spurde ho litt rar i røysta.  "Ja, eg tok med dette lett, berbare møbelet", sa eg. "Eg rekna ikkje med at dokke hadde noko å sitja på her". "Nei det har me ikkje. Det var genialt", flirte kvinna og forsvann bak kvitvinshyllene.
I 2006 fekk Vinmonopolet prisen som "Årets service bedrift" frå HSH og Nordea. Eg reknar med at dei kan gjenerobra  prisen, om dei grip denne innovative ideen som vil innebere så mykje for så mange. Men gjer dei det, så vil eg ha prosenter. Då held det ikkje med promille.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar