Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 31. mars 2011

På Bokkafe

I kveld har eg vore på bokkafe. Det har eg aldri vore før. Kvinnherad bibliotek arrangerer slike kveldar i varierande grad. Då kjem forfattarar på besøk. Dei fortel om arbeidet sitt og om bøkene sine. Denne gongen var det for meg ein spesiell forfattar. Tore Oksholen som budde i nabogata mi, og som var eleven min i biologi i 1978/79, var eg lysten på å sjå og høyra igjen.
Tore (som du kan lesa om her) hugsar eg som ein original person, som sleit med å komma tidsnok til skulen. Denne eigenskapen var ennå inntakt hos han. Han hadde framleis litt bal med å organisera seg sjølv. Etter at han hadde sete roleg å venta på å starta føredraget, og bilbliotekaren hadde introdusert han og gitt ordet til han, kom han plutseleg på at han måtte henta bøker og papir ute i eit anna rom. Men me som kjente personen frå før, let oss ikkje uroa over å bli sitjande å vente på han ei stund. Hyggeleg å sjå at folk er seg sjølv.
Ei handfull menneske var møtt fram. Nokre fordi dei var tidlegare medelevar eller lærarar til forfattaren, andre tidlegare naboar til guten.  Og så ein journalist med kona si.
Sprudlande drikke var sett fram og me kunne nyta frukt frå innbydande fat. Eg vart sitjande ved sida av ein pensjonert sokneprest, som nok syntes at sprudledrikken berre var sånn passeleg. Etter ei stund kom journalisten å henta fruktfatet. Kona hans måtte og få, sa han. Soknepresten falda hendene sine og sa fram ei stille bøn.
Tore var spennande å høyra på og snakka med. Han har tydlegvis mykje grums i kjellaren sin å ause av. Mykje av dette grumset påstod han å ha sanka på Husnes. Rundt skulane her hendte det tydlegvis meir om kveldane på 70-talet, enn eg har visst om. Iallfall om ein skal tru på forfattaren. Men det skal ein kanskje ikkje. Eg er generelt usikker på fortattarar sin relasjon til fikson og til fakta
Når eg gjekk heimatt i den milde marskvelden, var det med ei signert bok i handa. Eg ser fram til å lesa den.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar