Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 13. april 2011

Tide i utide

Når går ferja?, spør kona. Å halde greie på ferjetidene i Sunnhordland, er mi greie. Eg har alle tidene i ein av tabellane i hovudet mitt. Det hender tabellane må korrigerast, og eg har automatisert den delen og. Kvar 1. mai har alltid vore dagen for å visualisera dei indre tabellane, samanlikna dei med det nye ferjehefte som vert publisert då, og justera ein og annan ferjeavgang. Det er sjeldan store justeringar, oftast berre 5 min her og 5 min der.
Nå kjem ikkje dei nye ferjeheftene i postkassen lenger. Før i tida kom det slike nyttige blad i postkassen, men nå er det berre reklame på glansa papir. Ubrukande både til å fyra i omnen med, og som reservereiskap på do. Så eg plar gå på www.kvatidgårferja.no. Stundom.
Har du sjekka kva tid ferja går?, spør kona. Nei, seier eg. Trengs ikkje. Er det noko eg kan, er det ferjetider. Korleis skal ein elles overleva i denne kommunen.
Idet eg svingar inn på ferjekaien, anar eg ei uro som spreier seg i kroppen. Ei varmebølgje som breier seg frå fingerspissane og opp i pannebrasken. Eg har lagt heile min kognitive potens i nettopp det å vita kva eg snakkar om. Særleg med kona, og særleg om ferjetider. Eg ser ei ferje på fjorden, seier ho. Skal tru om det er baugen eller akteren eg ser?
Eg burde leggja meg flat. Det er ikkje enkelt, særleg ikkje i bil, på ferjekaien ein tidleg morgon den dagen flest mogleg timar skulle nyttast i butikkane i Haugesund. Kva f... er dette, tenkjer eg , og stormar mot ferjetabellen som er oppslegen på kryssfinerplata på ferjekaien. "Ruteendring frå 1. januar", står det der. Jammen det skal ikkje endrast noko før 1. mai, tenkjer eg. Nå kan ein ikkje stola på noko lenger, ikkje eingong på Tide. Det er som om den mentale kapasitet min har fått seg eit nakkeskot.
Eg går attende til bilen, der kona ventar spent på referat. Dei har rota med ruta, seier eg. Og meir seier eg ikkje på ei stund.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar