Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 17. april 2011

Kampen mot tyngdekrafta.

Newton oppdaga ikkje tyngdekrafta når han sat under eit epletre og fekk ei frukt i hovudet. Eg trur tenkinga hans omkring denne plagsomme krafta, starta tidleg ein morgon då det var grått og kaldt ute, men varmt og lekkert under dyna. Han kjende på denne krafta som er så uendeleg hard å overvinna, og som det er umogleg å verga seg mot. Særleg om morgonen i senga når kroppen er på sitt tyngste. Eg veit eksakt korleis han opplevde det. Om ikkje han hadde stått opp den morgonen og oppdaga gravitasjonen, hadde eg gått igang med det i dag.
Livet blir ein evig kamp mot denne krafta. Særleg i påskeveka. Ikkje før har ein spent på seg skia , så dreg ein på seg eit glippetak avdi tyngdekrafta vil ha meg bakover i bakken, når navigatoren seier at målet er fram og opp. Då er det av med skia, og fram med det raude klisteret. Denne klissete massen som er så håplaus å fjerna både frå hendene og frå nikkersen etterpå.
Nedover bakkane der tyngdekrafta i ungdomen vanlegvis var ein god ven, er ho nå ei pest og ei plage. Ploging og strekning med stavar er sjeldan nok for å halda farten på pensjonistnivå. Så går det som det må gå: på trynet.
Men ein ting skal tyngdekrafta ha. Ho held meg stødig på plass i fluktstolen og sørjer for at ølet renn rett veg frå flaska ned magesekken. Etter skituren, meiner eg.
Published with Blogger-droid v1.6.8

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar