Eg mislikar at påsketida ikkje kan halda seg stabil på ein fast dato. Dette er kanskje den mest sentrale høgtida i den kristne trua, og så driv ein slik og tullar med datoen for ho. Jesus vart fødd på ein bestemt dato, og ein skulle tru at han vart avliden og på ein bestemt dato. Men nei, slik er det ikkje. Eg må leva med denne uvissa. Særleg ille er det at slikt går ut over påskesnøen i fjellet. Thomas tvilte på heile påskebodskapen, eg er berre skeptisk til skiføret. Thomas var skeptisk til oppstandelsen, eg trur at smelta snø er borte for alltid.
"Kan du køyre påskelasset mitt inn til hytta iår"?, spør eg scootereigaren på Stokketjønn. Eg minnest andre påskar då snøen ikkje bar, og transport blei vanskelig. År, då eg ikkje sjølv fekk sitja oppå lasset, men måtte hengja etter i ein Telemarktau. "Eg er oppvaksen i fjæresteinane på Vestlandet, så køyr roleg", seier eg. Sjeldan gassar Gunleik meir på, enn når eg seier slikt. Og det slår sjeldan feil. Eg trynar både i fonna og i fennene. "Ja, iår skal det gå greit",seier han til meg i telefonen. Det ligg ein telemarkhumor mellom orda, kjenner eg. Han er som Odd Nordstoga, storkosar seg når "grisen ligg og hyler"...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar