Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 18. april 2011

Kampen mot UV-strålinga.

Me er i den stille veka. Vinden me hadde i går, er vekke. Det er skydekket og. Ei gneistrande sol kryp inn i senga mi gjennom dei små glipene mellom vinduskarmen og treplata eg har plassert bak gardina. Det er ein skinande dag.
Sola hjelper meg i kampen mot tyngdekrafta. Å koma seg i buksa, er ein lek idag. Eg kutter ut barberinga og ansiktvaskinga. Idag gjeld det å vera best mogleg rusta i kampen mot UV både A og B. Eg har funne ut at å spe på med gammal svette og nokre sjeggstubbar, sparer meg for fleire sprutar sololje per dag.
Eg likar lyset. Dette dualistiske fenomenet, som opptrer i så ulike former. Det skaffar meg hyttestraumen min ved at fotonene riv laus elektron i solcellepanelet. Eg lagrar dei i batteria, og brukar dei til dagsrevyen og alt anna som kan krypa og gå på 12 volt.
Men det sollyset gjer med nasen min, hatar eg. «Du må smørja deg betre», seier dei andre. «Kor då»? «Nasen».
Eg likar ikkje at sola sender ut desse ultrafiolette strålende. Lysspekteret skulle ikkje gått opp mot slike frekvensar. «Faktor 20», seier dei andre. Minst.
Eg startar med faktor 10. På realskulen i Haugesund lærte eg av lektor Bratthole i 1958 at "faktorenes orden er likegyldig". Det gjeld vel i dag og. Eg berre lurer på om faktor 10 først og så faktor 15 seinare, blir faktor 25? Nei, faktorar skal ikkje plussast. Faktorar skal ein ganga med kvarandre. Så svaret blir jo då 150.
Eg gjer det på den måten. Då har eg sikra meg i kampen mot UV strålane.
Det vert nok ein strålande dag.
Published with Blogger-droid v1.6.8

1 kommentar:

  1. "Lektorens orden er likegyldig" lærte me. Så eg vart verken realist eller lektor, eg vart berre ein ordenskar.

    SvarSlett