Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 24. april 2011

Kampen mot grusen

Snø er eit framifrå stoff under skia. Uansett kva konsistens han har, finns det alltid ei smøring å henta i smøreskåpet i hytta. Klart ein kan bomma med smøringa, men sjeldan på påskesnø. Då er det oftast raudt klister som gjeld. Men når det minkar på snøen, og grusen kjem fram frå vinterhiet sitt, vert det verre. På vegen frå hytta til R 9 er det i overgangen mellom vinter og vår, stykkevis grus og stykkevis snø. Utanfor vegen er det vatn som ikkje ber, eller einerbærbuskar som luggar i det raude klisteret.
Når scooteren ikkje kan køyra oss lenger, er det likevel skia som gjeld også på dette føret. Heim må ein, og bilen står parkert heilt der ute med vegen. Då er det å leggja på med raudt klister, spenna seg framføre pulken, hiva på seg ryggsekken, og leggja i veg. Det går så det susar ned frå hytta til fjellvegen som fører ut til R 9. Men så møter grusen meg. Det vert bråstans. Det er dårleg gli på grus med mi smøring. Men festet er framifrå. Eg sparkar frå så det knasar både i pulk og i eiga beingrind. Stundevis svingar eg utanom grusen , og får eit lag med einerbærbuskar som ekstra dekke under skia, saman med raudt klister og grus.
Det er som å gå på feller. "Nå går eg rundt på ein einerbærbusk", tenkjer eg.
Ting tar tid når ein går på grus. Dobbelt eller opp mot trippelt, men eg kjem tilslutt fram til bilen på parkeringsplassen. Der står scooteren og glisar av meg. Men scooterkøyraren roar han ned. Han syns dette er trist for businessen, men prøver likevel å unnskylda Vår herre som har latt sin son verta krossfesta så seint på året denne gongen.
"Ja, dette er grusomt", meiner eg.
På vegen heim tek eg meg i å nynna "Singel og Sand", låten til Salhuskvintetten frå 1962. Ei fornøyeleg vise som roar meg ned innan eg når Tollaks bru. Sanden og grusen under skia skal eg nok få bruk for heime, tenkjer eg. Så driv eg heimeover med meir enn berre minne etter ein innhaldsrik påsketur.

2 kommentarer:

  1. Er det lovleg å fakte med seg grus frå vegane i Telemark og heim til Hordaland? Men ver velkomne tilbake til sivilisasjonen!

    SvarSlett
  2. Eg er usikker på jussen i dette. Om eg vert hukka, får eg ta mi straff...

    SvarSlett