Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 31. juli 2010

Eg vil prolongera august.

Me skriv straks 1. august, som det heiter. Ikkje for det at eg skriv det så ofte nå lenger. Det var før i tida når ein skreiv brev eller hadde ærend på posten, at det var viktig å huska rett dato, og få den ned på papiret. Og i jobben då. I fråversprotokollen der alle elevane som ikkje rakk timen, blei noterte. Då måtte datoen vera rett. Men 1. august skreiv eg aldri der. Læraren hadde fri då.
Sommaren er over når ein skriv 1. august, iallfall nesten. Då startar seinsommaren. Den perioden då ein trur at sommarveret ennå kan komma. Det er når skulane startar at godveret kjem, sa me før. Nå veit eg ikkje lenger. Er litt usikker på kva tid skulane startar også. Det er liksom irrelevant for meg. Eg er meir oppteken av kva tid sommarveret kjem, enn om skulane har starta eller ikkje når det kjem.
August kan vera vakker. Den kan komma med varme dagar og milde kveldar. Med høvlege regnbyger om nettene som gjer vatning av blomsterurnene unødvendig, men som ikkje væter meir enn at plenen greitt kan klyppast utan at graset heng seg fast i holet til oppsamlaren.  Men august er og ein travel månad. Då skal
  • Vårblomstrande stauder delast og plantast om
  • Sommarblomar og roser plukkast for å forlenga sommarsesongen deira
  • Tomat- og agurkplantene gjødslast og haustast, reinskast og snakkast med
  • Plen som er på sitt mest produktive, skal klippast, men og gjødslast for siste gang i år
  • Gamle jordbærplanter skal kastast og nye stiklingar i jorda
  • Brunsneglane skal kverkast, eit arbeid som er delegert til kona
  • Multene skal i hus, eller rettare sagt i hytte
  • Vinterlageret med ved skal fyllast både i hus og i hytte
  • Vinkjellaren skal komplementerast og lageret prøvesmakast og vel så det
Slik kan eg fortsetje i det vide og det breie. Skjønar ikkje at eg får tid til alt dette. Det er godt at også denne månaden har 31 dagar. Onde tunger vil ha det til at Keisar Augustus, som har gitt namn til månaden,  auka talet på dagar i august til 31 for å tilfredsstilla sitt eige sjølvbilete. Han nekta å godta ein månad som var kortare enn juli, som hadde fått navn etter  Julius Cæsar. Det er sjølvsagt berre vrøvl. Eg trur at Keisar Augustus, som den vise og gamle mannen han blei (77 år), gjorde månaden så lang avdi eg og sikkert også andre, skal få tid nok til alt dette. Han såg den problemstillinga.
Eg er Keisar Augustus evig takksam for det. Men han kunne slik eg ser det, godt teke hardare i. Kva med å dobla dagtalet i august. Då kunne seinsommaren vart heilt til oktober. Og så kunne vi hatt september i november.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar