Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 3. juli 2010

Mørke skyer på skyfri himmel

Eg var over fjorden på torsdag igjen. Ein strålande dag for båttur når det er vindstille, blå himmel og varmt. Eg reiste i berre silke-tskjorta mi, som eg kjøpte i Thailand, og som såleis er meint for meir eksotiske strøk. Men sidan folk har talt så vel om denne investeringa mi, og sidan været var så uvant  lagleg, valde eg den.
Tide kom ikkje i tide til Sunde. Men at båten tilslutt kom, må ein visst vera nøgd med. Rekk vi over til kvart over tolv, spør eg matrosen. Han fnyser. Vi er på Lervik 12.02, seier han. Ingenting i vegen med optimismen der i gården.
Eg rakk timeavtalen min med augelegen, såvidt. Slike private augelegar har det grådigt travelt. Dei ser ofte godt og grundig, også på klokka. Timeavtaleboka deira er tettskriven, som om det skulle vore handlelista mi på Clas Ohlson. Ikkje rom for dautid der. Mange halv- og heilblinde treng hjelp.
Går det greit med dryppinga, spør han før eg er på plass i pasientstolen. Denne stolen som er omgitt av linsesystem, iltrande skarpe lyskjelder og apparatur som det offentlege helsevesen berre kan drøyme om. Eg smyg meg på plass i eit forsøk på å ikkje  støyta borti og ripe til korkje dei konvekse eller dei konkave fokalane. Eg tenkjer på den gongen på optikklaboratoriet ved Fysisk institutt på Universitetet, då ein amanuensis kom inn med ein skrutrekkar i handa. Han vart utvist frå labben av ein professor  grunna tankelaus åtferd. Farleg våpen slikt, blandt verjelause linser.
Jo det går greitt med dryppinga, seier eg. Er det vanskeleg å huska å drypa seg? Nei, seier eg. Flott, seier han. Han tørrpratar, tenkjer eg. Vil roa meg ned før alvoret startar. Har vel vore på pasientbehandlingskurs, tenkjer eg.
Idag skal du i perimeteret, seier han. Eg stirrar inn i ein lyskasse, der lysglimt blinkar frå alle retningar, og eg skal trykka inn ein knapp kvar gong er ser eit glimt. Datamaskina skriv ut bilete av auge med svarte felt der auga mine ikkje ser lyset. Relativt omfattande skade, seier han. Mest for seg sjølv. Men trykket har gått ned. Det er positivt. Nå har nyare forskning vist at glaukom (grøn stær) ikkje alltid sluttar å utvikla seg sjølv om trykket minkar. Men vi håper det beste, seier han. Fint at han er direkte, syns eg. Du må og ein tur til CT undersøking av heile synsbanane dine, sånn for sikkerhet skuld. Du får innkalling i posten.
Ein halvtime, og eg er på gata igjen. Traskar kvilelaust omkring i 2 timar før Tide hentar meg heim. Over  Klosterfjorden ser eg svarte skyer på den skyfrie himmelen. Eg veit det skuldast indre hallusinasjonar. Sterk oppleving av synsinntrykk utan ytre påverknad. Vrøvl, altså.
Heime er bassenget fullt av glade badegjester. Yrande liv og glede. Eg ser mot himmelen. Han er skinande klar og blå. Eg ser lyst på livet igjen og jompar uti. Flott, sjølv om det blei med eit magaplask. Men den svien er for inkje å rekna

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar