Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 29. juli 2010

Noen ganger er det all right å ha høyet i hus

I oppveksten, og for såvidt også seinare i livet, var det årlege faste gjeremål som styrde korleis sjela innanfor skjorta hadde det. Særleg i sommarhalvåret var det hektisk, ja på grensa til febrilsk. Det starta med våronna. Då var bøndene ut av sengene sine før hanen feis, og heldt det gåande til flaggermusa bretta saman vengene, mett etter nattejakta.
Så kom innhaustinga. Blomkål og andre vekster, frå tosifra antal dekar skulle haustast, før slåtten sette inn. Innimellom dette måtte kyrne hentast på beite to gonger om dagen. Melkast, strykast, rosast og skjellast ut.
Ein gjekk i samanhengande arbeidsrus som på mange vis kulminerte med høyinga. Spenninga omkring å få høyet turt i hus før regnet kom, var elektrisk. Og kjensla som med eitt oppstod når ein lukkast med det, var himmelsk.
Eg har ennå den kjensla i meg, den eg fekk når siste høylasset kom inn på låven og regnet begynte, først å drypla, så å ausa ned på låvetaket. Til og med dei vaksne tok seg ein liten pust i høytufta når slikt lukkast.
Denne freden og roen får eg stundom inn over meg nå og,  i vaksen alder. Når alt er gjort til alles beste. Når eg for ei stakka stund har huset for meg sjølv, når ingen ventar noko meir av meg avdi eg har gitt alt og berre kan slappa av. Når høyet er i hus og eg har lov til å kvila litt på laurbera Også då er livet verd å leva.
Idag er ein sånn dag. Trykket er lågt, og eg har hovudet mitt aleine. Noen ganger er det all right,  og heilt okay å ha det slik.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar