Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 21. juli 2010

Blodsugarane

Eg var aldri i "Det militære". Å tenkja forsvartaktikk og kampstrategi manglar i mi almenndanning. Når fienden kjem, veit eg ikkje anna enn å veiva med armane og banna for å skrema utyske vekk. Det har flote mykje blod og mange tårer grunna desse angrepa som kjem både bakfra, ovanfrå og frå andre himmelretningar. Fienden kjem snikande nesten lydlaust innpå, og set sine våpen i meg.
Eg tenkjer særleg på to ulike kategoriar, som eg har kjempa mot dei siste vekene.
  1. Myggen. Eller rettare sagt stikkmyggen. Dette svære eksemplaret som ein finn mange av på høgfjellet, og som kan opptre både aleine og i flokk. Stikkmyggen sin snabel har  seks tynne, stive, stikkande munndelar som ligg verna inne i ei tjukk, blautt, røyrforma underleppe. Han har ein slags fjører som vekselvis vert  spente og utløyste og skyt såleis munndelene som piler innover i små rykk i huden min. Om eg då ikkje er lynande rask, noko eg ikkje er lenger, sug han blodet mitt direkte frå ei av mine små blodårer. Det er hoa som stikk. Ho skal ha blod til egga sine, den merra!
  2. Kleggen. Og eg snakkar om storkleggane. Dei kjenner eg berre frå høgfjellet. Dei med svære grøne auge. Munndelane er bygd etter same prinsipp som hos stikkmyggen, men dei er forholdsvis mykje kortare og kraftigare. Dei vert brukt til å skjæra eit lite sår i huden som blodet vert sugd opp frå. Dette tek tid og gjer frykteleg vondt, så før han fekk i seg noko av blodet mitt, hadde eg jaga han vekk. Men han er aggressiv og angrip på nytt. Ein gong beit han gjennom T-skjorta mi. Eg måtte kassera den etter det. Også her er det, nett som elles i livet, hoa som stikk. 
 Ein seier dei går etter lukta, både myggen og kleggen. Veit ikkje om eg skal tru på det. Eg prøvde meg fram med å omgi meg med allslags lukter. Nydusja med sjampolukt, fem dagar gammal svettelukt, diverse myggoljer, urinlukt, skittlukt og brylkrem. Ho skjøna det ikkje, myggo. Gjekk på uansett.  Iherdig i sitt strev for å føra slekta vidare. Fora egga med mitt blod og mine gener. 
Rart å tenkja på at eg, i så høg alder, har spreidd genene mine i eit slikt omfang.

1 kommentar:

  1. Helge, som er ille plaga av insektstikk når han er Syden, har ymta om at det er ein samanheng mellom erotisk tiltrekningskraft og insektstikk. Tja, eg veit ikkje, eg plar ikkje merke så mykje til myggen.

    SvarSlett