Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 1. august 2010

Me har ein vinnar

I bloggen Namnekonkurranse ba eg om framlegg til namn på den nye bua, eg bygde på Samlebu tidlegare i sommar. Eit nøktern tal på framlegg kom inn, og mange av dei var gode.
Juryen seier at vinnarnamnet vann fram av to grunnar. Den uttalar m.a. følgjande i si grunngjeving:
"Vinnarnamnet gir ei svært god skildring av den romkjensla ein får, når ein entrar bua.... dessutan er namnet ein stor heider for den mannen (Vetle var hans namn)  som på 1980-talet, sette første spadestikk i den torva der Samlebu skulle veksa opp".
Vetlebua var namnet juryen valde. Nokre reaksjonar på juryen sitt valg er at namnet er for tamt, og gir for lite hjelp til tanken omkring kva rommet sin funksjon er. Andre synes det er ei svært god juryavgjerd.
Me gratulerer vinnaren Gunnar, som såleis drog i land sigeren. Den heider, aktsemd og minnerikdom som blir han tildel etter dette, er til stor fagnad for mannen.

2 kommentarer:

  1. Me gratulerer vinnaren med eit velvalt namn. Me undrar oss likevel over prosessen i tevlinga og spør kvifor framlegget ikkje var kunngjort. Og kvifor var det ikkje sett frist for framlegg? Men me reknar med at ei avgjerd er ei avgjerd, anten det no gjeld monstermaster i Hardanger eller namn på ei hyttebu.

    SvarSlett
  2. Det vart framsett eit benkeforslag, som juryen ikkje kunne motstå. Ein takkar likevel alle andre forslagstillerar for deltakinga, og er imponert av den gode sportsånda som vert lagt for dagen frå dei som ikkje nådde heilt opp denne gongen

    SvarSlett