Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 20. juli 2010

Namnekonkurranse

Eg kom atttende til heimen igår. Etter 2 veker i fjellet, var det godt å kjenna havlufta fylla lungene igjen. I 2 veker har eg anda i luft med eit luftrykk som ligg rundt 110 hPa under den me har på Husnes. For i dei nedre luftlaga minkar trykket med rundt 1 hPa for kvar 8 meter over Hardangerfjorden. Ei veke i slikt luftrykk, fører til auka produksjon av raude bloceller. Høgdehustrening, kallar ein det innan idretten. Det er ulovleg å vera i høgdehus i Noreg , iallfall for aktive utøvarar. Eg var jysligt aktiv dei to vekene, men forbodet gav eg blaffen i.
Eg skulle kjent høgdeopphaldet sitja igjen i kroppen idag. Eg skulle strutta av energi og oksygenoverskot. Men akk, slik blei det ikkje. Det er tydlegvis og andre faktorar som verkar inn. Kanskje dei og er meteorologiske. Syndefloden har herja med folk og fe før og.
Så idag har eg sete i stova og verna meg mot veta. Men nøgd er eg etter høgdeopphaldet. Jobben blei gjort og resultatet greitt nok for meg. Nå har eg skaffa meg eiga bod til oppbevaring av gass, vatn og øl. Også eit lite lager med skandinavisk, krydra brennevin med 36—41,5 volumprosent alkohol, vert det plass til. I hytta vår har dei fleste rom namn som endar på -bua. Snorkebua, kosebua, urobua og nyebua. Eg tek gjerne mot framlegg om namn på denne nye bua. Ølbua er eit forslag som alt ligg på bordet. Eit godt forslag, men vert det for tamt? Kva meiner du?

6 kommentarer:

  1. Nokre framlegg:
    Gledebua
    Bua (litt for kort?)
    Tørstesløkkjarbua (for langt?)
    Suparbua (for vulgært? Og kan forvekslast med superbua)
    Superbua (kan dessverre forvekslast med suparbua)
    Nippebua (passar ikkje alltid like godt. Nipping er pysete)
    Nyastebua (om eit par år er namnet forelda)
    Får vinnaren av namnekonkurransen premie?

    SvarSlett
  2. Uansett hvilken premie som blir utlovet, vinn eg ikkje denne konkurransen. Men ser Reidar har kommet med endel brukbare forslag,i tillegg til det som ligg på bordet. Dette er ein viktig sak, så du bør kanskje ta deg god tid før du bestemmer deg. Du skal jo "leva med det" ei stund.

    SvarSlett
  3. Premie må det bli. Kva med ei natt i bua? Kan det inspirera fleire til deltaking?

    SvarSlett
  4. Det må først bli etter at øl-lageret er fyllt opp,pluss litt "Krydra".

    SvarSlett
  5. Ja det kan eg forstå. Lurer på korleis du visste at det var tomt der for tida.
    Ei viktig opplysing i den samanhengen er jo takhøgda i den nye boda. Du Gunhild kan vel stå oppreist i deler av rommet berre. Det er lågt under taket der. Men kanskje det å stå oppreist ikkje er noko tema.

    SvarSlett
  6. Nei, det er ikkje så viktig - hvis "lageret" er fyllt opp, blir det vel ikkje så lenge vi står på beina allikevel. Vi "inntar det" liggende.

    SvarSlett