Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 22. juni 2010

Ytre og indre strok

Eg har vore i ytre strok nokre dagar. På Karmøy. Denne øya har av merkelege grunnar hatt ein folkevekst dei siste 50 åra, som prosentvis er rundt det doble av folkeveksten elles i Norge . Karmøynamnet kjem truleg av det norrønne namnet karmr, som tyder 'den som danner karm', eller livd mot havet. Det er fastlandet som vert skjerma for havstormane. Desse herjar med øyfolket natt og dag året gjennom. I denne bedehuskommunen vurderer dei innfødde vindstyrken ut frå om hønsa bles på sjøen eller ikkje. At opp mot 40000 folk ønskjer å klora seg fast på holmen, er rart. Eg, som bur i indre strok i livd under Folgefonna, har vanskar med å halda meg på føtene der ute i havgapet.
Sonen min bur ytst ute i fjæresteinane på Karmøy. Der er ingen vindstille krok utan ein karmøybu å oppdriva. Men han har noko i genene sonen min, som gjer at han ikkje bøyer seg for noko. Ikkje eingong for karmøyvinden. Han har sett seg som mål å styra vinden dit han ønskjer å ha den. Eller rettare sagt vekk frå dei plassene der han vil ha livd. Der han sommarstid vil sitja i shorts under open himmel, og drøsa med andre utan å  måtta øydeleggja stemmebanda.
Med far med på lasset, vert det bygd opp levegger, heiltak, halvtak og anna skalkeskjul. Her må dimensjonane vera store og spikrane mange. Trelasthandlarane på Haugalandet, og dei er det mange av, har gode dagar. Vi stod på taket i to dagar og høyrde knapt kva vi sa til kvarandre. Så mange desibel kan ikkje stemmebanda mine generera, at lyden kan trenga gjennom nordvesten frå Nordsjøen.
Etterkvart som arbeide skreid fram, var vi ofte nede og sjekka om vinden under taket vart styrd vekk. Stor var gleda, då vi etterkvart kjende det løya på den nye utekoseplassen. Sjølv om ingen av oss har meteorologisk bakgrunn eller har drive inngåande studier om vind og turbulensar, virka tiltaka våre. Dette blei gode greier. Neste gang tek eg med meg shortsen når eg reiser dit.

1 kommentar:

  1. Ja e de kje godt at ein kan bygga seg fine plasser der nordavinden ikkje tar, han har vore her og, på stranda, men ikkje i Calle Atenea, men i dag var det nydelig på stranda og, den rosa fargen er komen. Turid

    SvarSlett