Dei ulike plukkeobjekta har ulike sesongar. Jordbær i juni - juli, blåbær i juli - august osb. Men nå er det dukka opp eit plukkeobjekt som har sesong frå tidleg april til langt ut i oktober. Og det har vore store mengder å ta av. Rett nok merkar eg at ungane sin iver i plukkinga har gjort eit kraftig innhogg i førekomsten. Etter eg utlova dusør på 1 krone per eksemplar, har brunsneglebestanden minka eksonentielt med tida. Å tena seg nokre slantar på å plukka brunsnegel, er nå mest gjevare enn å gå i jordbæråkeren.
Så ved dette knepet har eg oppnådd tre ting:
- Skadedyret er ikkje lenger noko stort problem
- Eg får stundom smaka litt av eigne bær
- Kona klagar seg mindre over utyske i hagen
Har ikke sett brunsnegler her i år ennå, men de kjem kanskje seinare. Nokre små grå har eg funne. Regner med at du får sjå beviset på at dei har funne nokon før du pungar ut. Ellers har vi hatt nokre få fine dagar med sommar, men nå er jo regnet kommen, og det trengtes visst.
SvarSlettIdag kjem ungane inn frå hagen og rapporterer om å ha plukka 102 brunsnegel. Mitt forsøk på å trekka talet i tvil, vert tilbakevist av mormor. Uff dette regnværet...
SvarSlettJajamensan, du triv til barnearbeid, du, for å halde din hage sniglerein. Eg går og trakkar dei i hel.
SvarSlett