Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 30. juni 2010

Å sjå for lite

Odin, alle gudars høvding i norrøn mytologi, var einaugd. Han ofra eine auga sitt i byte mot kunnskap, då han fekk drikka av Mime sin brønn. Andre skapningar drikk seg frå vett og forstand. Ikkje slik med Odin. Men at han drakk seg frå synet, tyder vel på at han kom over noko tresprit i Mimebrønnen. Det er jo ei kjend sak idag at denne metanolen gir synskader. Men av skade blir ein som kjend klok. Så også med Odin.
Sjølv har eg ikkje merka at tap av synet på eine auga, gjorde meg så klok. Tvert om kunne eg tidvis føla meg annleis og utanfor. Når folk oppfordra meg til å sjå på verda med det rette auga, vart eg var mankoen. Når folk ville sjå meg inn i begge augo og mine sprikte i kvar si retning, vart eg brydd. Når alle eg snakka til syntes eg såg på den på sida av seg, vart eg frustrert. Mine synsaksar var ikkje parrallelle.
Men stort sett gløymde eg ut heile greia. Eg slapp medvitlaust inn dei lyssignala livet baud på gjennom pupillen, fanga dei opp på eine netthinna, og omsette bakerst i hjernen dei bileta som mi verd blei bygd opp av.
Slik gjer alle det, såvidt eg har skjøna. Tek synet som ein sjølvsagt ting. Ein eigenskap som skal vara livet ut. Men kva veit vi, og kva gjer vi om så ikkje skjer?
I morgon er det ny sjekk hos augelegen. Den grøne stæren er ikkje som andre fuglar. Han kjem snikande, og før du har blunka har han bite seg fast. Nei takka meg til ein flokk trast i bærhagen, framfor ein grøn stær i mitt einaste auge.

1 kommentar:

  1. Håper turen til øyenlegen var positiv. Har hørt her at det som regel holdes i sjakk med "dråper". Kjenner en i nabolaget som har det. Med hensyn til redusert tilførsel av dopamin, så er vel klokskapen på topp lell.

    SvarSlett