Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 14. juni 2010

Med lønn inn i himmel

Lønn er så mangt. Assosiasjonane går oftast til pengesummen som nå og då dukkar opp på plussida i nettbanken til folk flest.  Denne etterlengta transaksjonen, som kan endra raude saldotal til svarte. Desse imaginære pengane, som ikkje kling som mynt eller knitrar som setlar lenger, men som er like stuttvarige og ryre som lommepengane på 50-talet var. Denne summen som ein må klara seg med heilt til neste gong. Laun, som dei sa om dette i Norge i middelalderen. Laun som fortent.
Eg tenkjer ikkje på slik lønn. Ikkje berre avdi eg ikkje får slik lønn lenger, men avdi lønn for meg på denne årstida er det dei i Norge i middelalderen kalla hlynr. Altså  lønn i Acer familien. Frittvoksande norsk spisslønn. Hos meg er ikkje denne frittvoksande. Eg har sjølv planta nær 100m lønnehekk rundt tomta, med 4 planter per meter. Det gjorde eg i 1979. Tilgangen til planter var tilnærma uendeleg heime på garden til foreldra mine. Det var berre å nappa småplantene opp or bakken, pakka buntane i fuktige sekker, transportera dette til Husnes og trakka dei ned i bakken. Og simsalabim, så hadde eg ein hekk som eg har slite ut eit ukjend tal med hekksakser på, både manuelle og elektriske med og utan leidning.
Kvart år klipper eg hekken to gonger, og kvar gong er tilveksten opp mot ein halvmeter. Med avfallet har eg planert ut det meste av friområdet aust for tomta mi, noko som eg hadde stor glede av inntil kommunen sette ein stoppar for det.
Ein meter klippa av kvar år i 31 år frå rundt 400 planter. Det er ikkje småtteri. Men så gale som naboen vil ha det til, er det likevel ikkje.
Skal du ikkje klippa hekken snart, spør han i tide og utide. Han veks jo inn i himmel no, seier han og.
Ja dei i himmelen skal og ha lønn, seier eg. Nei nå får det vera nok, seier naboen.
I morgon må eg visst finna fram saksa..

2 kommentarer:

  1. Ja, du har fått lønn som fortent. Korleis er sevja i den norske lønnen? Ikkje som amerikansk sukkerlønn, men er det noko liknande, tru?

    SvarSlett
  2. Eg trur sevja er god. Utan å ha tappa han personleg, ser eg flittige bladlus i titusenvis slikka seg rundt munnen.

    SvarSlett