Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 18. juni 2010

Eg og egg

Hønsehuset var fylt til trengsel heime på 1950 talet. Me sa ikkje "som sild i tønne" når me skulle referera høg tettleik, me sa  "som høns på vaglen". Hønene kjempa om verpekassane, som i mange år var rominndelte appelsinkassar som far min var så heldig å få tak i på Gartnerhallen. Litt halm i botnen, så skjøna hønene kva dei skulle gjera. Rugeegg eller reilsegg som vi sa, var ikkje naudsynt for å få hønene til å verpa. Så reilsegga rappa vi ungane, og tok dei med oss i senga. Men verping blei det lite av der, diverre. For eg elska egg frå den dag eg vart fødd. Det kan ha noko å gjera med mitt opphav i ei eggcelle. Hadde vel fått smaken på den næringsrike kosten i månadsvis før fødselen. 
Når hønene ikkje fekk plass i hønsehuset eller vart leie av livet der, rømde dei. Då verpa dei i høyet. Dette åpna ein ny gourmetisk  epoke i livet mitt. Å finna varme egg i høyet, kakka hol i begge endar på det med ein spiker, og så suga i seg innhaldet, var ikkje berre godt men og svært karsleg. Ingen andre blandt sysken, kameratar og drengar sytnes dette var appetitleg. Eg storkosa meg, med unnatak av dei gongene eg traff på gamle og rotne egg. Dei smakte ringare.
Tida gjekk, og eg egga meg med godt samvit i åravis. Av alle variantane eg serverte, vart likevel speilegget min favoritt. Passeleg steikt med solsida opp. Så med eitt, over natta så og seia, vart egga farlege. Kolesterolbomber som dei var, meinte lækjarane at menneskekroppen ikkje hadde godt av slikt. Eg reduserte difor inntaket med nokre prosent den gongen på slutten av forrige årtusen.
Men nytt årtusen kom og med det nye forskningsresultat.
" Når vi ser på den forskning som har vært gjort omkring egget, konkluderer de aller fleste rapportene med at eggets innhold av stoffet kolesterol betyr svært lite i den totale sammenhengen",  kunne ein då lesa i media.  Egginntaket mitt vaks igjen. Det gjorde den og for resten av folket. Før påske i 2004 vart det ommfattande eggtørke i landet. Ein kunne lesa følgjande i media:
"Frps folkevalgte Øystein Hedstrøm er seg sitt ansvar bevisst og ville i den muntlige spørretimen onsdag vite hva landbruksminister Lars Sponheim (V) har tenkt å foreta seg i sakens anledning.
– Vi mangler 3,3 millioner egg. Vil landbruksministeren senke tollvernet i den perioden norske produsenter ikke klarer å skaffe nok, spurte Hedstrøm.
Visepresident Inge Lønning (H) været straks en anledning til å vri av seg en vittighet der han tronet over ordskiftet i salen. – Har landbruksministeren et gullegg som svar på dette, spurte han. Salen humret.
– Ja, president, det kunne være fristende å si hver mann sin høne, repliserte Sponheim. Høylytt latter blant folkevalgte, pressefolk og betjenter". 
Men klart at Sponheim hadde eit poeng. Kven kunne ikkje tenke seg nylagt egg i eggekokaren til frukost.

Egg frå frittgåande høns kom. Dobbel så dyre, men så mykje sunnare og etisk riktigare å eta egga frå slike lukkelege kaklerar. Burhøns vart ein styggedom, og naturvernarane oppfordra til boikott av egg frå høns i fangenskap. Som den opportunisten eg er, speida eg etter frittgåande hønsmerket i eggebutikken, og oppnådde på nytt avslappa indre  harmoni og nirvanatilstandar saman med frukostegget.
Men akk, kor lenge var Adam i Paris, som ein seier. Egg frå frittgåande høns er blitt skumle.  
"Free-range eggs 'contain five times as much pollution as those from caged birds"., seier forskarane her
Så nå er eg heilt forvirra. Trur eg gir blaffen i heila greia. Ja ikkje i egga då. For du veit eg og egg...

1 kommentar:

  1. Eg har lyst å leggje til at forfattaren og eggelskaren også er ein eminent fysikar som kan rekne ut koketida for egg i ei høgd av 1000 moh. der lufttrykk og kokepunkt krev realfagkompetanse av eggkokaren.

    SvarSlett