Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

onsdag 2. juni 2010

Kor e hammaren, Edvard

Eg har bygd ut Samlebu, hytta vår på Stokketjønn, ialt 4 gonger.  Den siste gongen var i 2003. Etter fullføringa då, skreiv eg følgjande i hytteboka: "Nå er siste utbygging på Samlebu fullførd. Til hausten vert eg 60 år, og synes difor det er på tide å slutta å klyva på hyttetak og slita på bjelkar, bord og shingel".
Dette var ord og tankar som eg hadde soge av eige bryst, og som eg såleis støtta 100%. Eg har ikkje teke i ein hammar i 900 meters høgd på 7 år. Det har vore greitt nok.
Men ein song dukka oppatt i hovudet mitt i påsken. Ein lett omskriven versjon av den distriktspolitiske pamfletten, "Bygdevise", som  Jahn-Arill Skogholt skreiv i 1977, då han skulle avstad for å jobba i industrien i byen. "Kor er hammaren, Edvard, eg treng han jo no" , var min versjon. Eg nynna på den alle dei gongene eg leitte etter den ofte bortkomne hammaren under  tidlegare hytteutbyggingar.
Hadde vore kjekt å putla litt her igjen, tenkte eg der eg sat nyoperert og difor passiv i snøfonna utanfor hytteveggen. Planleggingsfasen vart såleis unnagjort i einsemd, medan resten av påskefolket surfa rundt i fjell og på vidde.
Så i morgon dreg eg til fjells for å småstarta. Det er ikkje store greiene eg skal til med. Eg skal ikkje klatra så høgt og slita så tungt. Men gøy skal det bli.

2 kommentarer:

  1. Dette er spennande! Kva for slags prosjekt blir det no, mon?

    SvarSlett
  2. Det blir noko ominnreiing på kjøken, og ei nybygd bod til å plassera vasstank og gass i. Ikkje meir enn berre det, som Vamp seier

    SvarSlett