Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 18. april 2010

Ein mørkets gjerning

I forrige bloggen min kom eg med sterke oppmodingar om ikkje å urinera i toalettskåla verken natt eller dag. Her kjem og vitskapen meg i møte, og åtvarar  særleg mot nattlege toalettbesøk, om enn ut frå andre årsaker enn eg hadde i tankane. Sjå berre her:
I følgje ein artikkel i den engelske avisa Daily Mail har forskarar frå Storbritannia og Israel, funne ut at plutseleg eksponering frå lys om natta, kan utløyse eit overtrykk i celler som er knytt til danning av kreft i kroppen. Forskarane samanliknar ei gruppe mus som blei utsatt for nattleg lys i ein time, med mus som blei holdt i mørket gjennom heile natta. Det viste seg at hjerneceller knyt til døgnrytmen, vart endra. Dette kunne i neste omgang  initiera utvikling av kreft.
Ein av forskarane kjem med  denne tilrådinga:
 Dersom du må stå opp å gå på toalettet om natta, bør du unngå lysbrytaren. Det finns ein type plug-in lys som berre gløder, som er trygge, og som du kan bruka som alternativ.
Så dersom ein ikkje går til innkjøp av slikt spesialutstyr, kjem det å finna og treffa toalettskåla nattestid på linje med jokerspel. Ein prøver seg med opp når det er ned eller omvendt. Kan bli mykje søl og vonbrot ut av slikt.
Nå lurer eg på kva andre vaner eg må venda, for å halda meg unna kreftrisikoen.
Kva med å:
  • ·         Ligga 10 min i senga etter eg har våkna, for å prøva å jobba opp mot til å møta dagen
  • ·         Ha hodetelefonane på øyrene når eg bruker datamaskinen, sjølv om eg ikkje høyrer på musikk
  • ·         Alltid sitja ved midtgangen på flyreiser
  • ·         Ha salt på agurka
  • ·         ?
Her er mykje å ta tak i for forskarane framover. Oppskrifta er klar: Finn dei variable, planlegg undersøkinga, observer og tolk resultatet.
Eg gir til kreftsaka kvart år, og forventar resultat.

5 kommentarer:

  1. Dette vert så innvikla, og så mange variablar. Held det å gi ein slant til kreftsaka ein gong i året?

    SvarSlett
  2. Mobil telefon er et biligere alternativ enn å gå til innkjøp av enda en duppeditt!! Du har ikke kilo til flere duppeditter når du reiser med fly(om de begynner å fly igjen!!). Mobil telefonen har du altid med deg og du sjekker den ikke inn så den teller ikke med i kiloene.///////Salve

    SvarSlett
  3. Ja sjølvsagt. Løysinga ligg i mobiltelefonen. I tillegg til at den kan lysast med, har den jo og andre tenester som ein kan sjekka samtidig. Effektivt! Eg reknar med at du har prøvd ut dette, og funne metoden akseptabel.

    SvarSlett
  4. Du som har utgang fra soverommet,kan jo berre gå ut på plenen, det er mørkt enno - om natta. Turid

    SvarSlett
  5. OH - harrlighet Nei, nå synes eg du jobbar alt for hardt med alkymi og cellegransking - du er jo pensjonert, men selvsagt kan det jo være bra for de "små grå cellene" selvsagt. Kor med ska sitta i flyet er heller ikke viktig i disse askedagene. Hadde billett til London i kveld, men kom ikke så langt at jeg fikk se setene engang. Cancelled. Sitte her å taste.

    SvarSlett