Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 13. april 2010

Pulsen min

Seksti slag i minuttet. Ein frekvens på 1 Hz altså.Der ligg kvilepulsen min. Ein framifrå tidtakarreiskap  om arbåndsuret sviktar. Denne frekvensen føreset at eg er i ro, helst ligg i senga. Men når eg ligg der, gir eg vanlegvis blaffen i å ta tida på noko som helst.
Målet i dag var å få fart på pulsen. Eg tok  turen til Norefjell, 560 moh. Kjørte til den såkalla Søsterheimen ved Valen Sjukehus, der unge sjukepleiarar kan bu på hybel om dei er trengande. Eg kjende pulsen min steig utover kvilepulsen alt idet eg parkerte og fann fram gåstavane. Om det var avdi eg braut skiltet ”All køyring forbode” eller det var andre tankar som gjorde utslag, er uvisst. Eg parkerte iallefall der, og la avgarde oppetter lia. Det var tungt å koma igang. Pulsen eskalerte og svetten pipla. Eg heiv etter pusten, og kjende smerte i høgre kne. Men søren, eg gir meg ikkje. Skal til topps.
Det går seg til med vondtene mens eg vinn høgde. Med jamne mellomrom stoppar eg, trekk jakka på venstrearmen opp slik at klokka er synleg, legg høgre handa sin tommel og peikefinger på kvar side av halsen og finn arteriene. Ser på klokka og tel pulsslag i 10 sekund. 27 slag. Reknar ut 6x27.  Å herrlighet.  Toppuls i minuttet skal jo vera 220 – alder. Dette var voldsomme greier.
Har du problem?, spør ei hulder som i ungdomleg tempo, dansar nedover lia på veg heimatt. Nei, eg berre tørkar svetten, seier eg. Ja, varmt idag, seier ho.
Skogbotnen er ennå i dvale. Nokre små bregneskot er einaste grøne eg ser der eg trør. Men det er tørt og fint feste for dei litt for høge Adidas skoa eg har ikledd meg idag. Så er eg over skogrensa. Har gått i 40 minutt, og kjenner kroppen skiftar drivstoff. Til nå har eg brukt av karbohydratane. Resten av turen skal eg bruka av fettlageret. Det gir ei god kjensle både fysisk og mentalt å tappa av fettresursane. Ettersom alderen har drege på seg, merkar eg at det tek lengre tid enn tidlegare, før dette skiftet kjem. Det likar eg ikkje, for fettlageret mitt har aldri vore større enn nå.
Eg er ved toppen. I den blå kassen ligg den gule matboksen med turboka i. Eg manntalfører meg. Er den  5. der på toppen idag. Den første var der klokka 8.00. Kva søren ville han der då?
På vegen ned treff eg kona. Å dækårten, seier eg, og kjenner at pulsen stig igjen.  Når datt du av?  
Ho ser spørjande på meg.  Datt av, kva meiner du?, seier ho. Eg går mitt eige løp. Der har du henne, i et nøtteskal.

3 kommentarer:

  1. Det er avgjort det beste å gå sitt eget løp. Det gjer eg og. Lar meg ikke dikterere eller provosere, men bruker det tempo og de virke-midler som passer til det eg til en hver tid har satt meg fore. Gunhild

    SvarSlett
  2. Ja eg trur det må ligga i Stangegenene det der. I tillegg ser eg ikkje vekk frå at miljøet kan ha spela ei viss rolle. Der ute i det havgapet, der vestavinden kunne riva øyrene av folk, måtte ein tidleg læra å stå på eigne bein og verna om eige liv

    SvarSlett
  3. Lurt å rekne ut alderen etter pulsslaga. Og no har du rekna deg fram til at du er monaleg yngre enn meg. Gratulerer!

    SvarSlett