Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 20. april 2010

Korte turar kan og bli lange

Planane er klare. Billetten er i lomma. Kofferten er pakka, men flya går ikkje. Kva liv kan det bli for ein pensjonist etter dette? Har ikkje vore på vingene sidan februar. Skal etter planen i lufta snart, men det ser spøkje ut.
Men går flyet på sundag, så dreg me. For å seie som den engelske flypassajeren David Jack:
"Everyone felt that if the pilot was happy to fly then we were happy to get on"
Så får det bli som det vil med returen. Fram og tilbake er ikkje alltid like langt lenger. Men pensjonistar har tid til å vera så lenge  Eyafjällajökull,  Katla eller VAAC bestemmer. Og om eg tek med meg pc-en, mine 2 Mastercard og Visa kortet, samt at kona tek med seg sine, kan me vera lenge vekke. For finansieringa må me ordna sjølv. Verken Vesta eller Gidske vil gi oss noko, om me vert askeoffer i London. 

1 kommentar:

  1. Ja,dette er så spennande at ... Eg misunner forresten litegrann elevane våre, som kjem frå Malaga med buss i kveld. Tenk å få sitje som passajer gjennom heile Spania, Frankrike og Tyskland og berre glo ut vindauga. Viss Katla sprekk om ei veke, kan me kanskje gjere det same.

    SvarSlett