Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 9. april 2010

Å gjera og få gjort

Eg gjødlsar plenen. Ikkje før var siste snøflekken faren, så var eg der med plastbøtta halvfull av fullgjødsel 18  - 3 - 15. Det var det eg klarte å ruska saman etter knegåing gjennom garasje, vedbod og uthus. Plenen vart skuffa. Det blei i magraste laget. Men sekken er tom og ligg nå i papiravfallet som SIM hentar idag. Eg må handla inn meir fullgjødsel. Ho kjekke dama på FK-butikken har rikeleg å by på, også av den sorten.

Eg kjenner våren. Han ligg i lufta, og trekkfuglane heng i trea. Morgonbruduljen har forlengst hatt sesongpremiere utanfor soveromsglaset.  Lenge før eg har tenkt å stå opp, er balubaen igang.  Det ergrar meg at eg ikkje klarar å identifisera lydane og knyta dei til fugleslaget. Då kunne eg retta harmen min mot rett art. Men eg er ein tilnærma ornitologisk analfabet. Sjølv ikkje kvitryggspetten kjenner eg. Korkje visuelt, auditivt eller på lukta. Den er fylkesfuglen for oss hordalendingar. Slikt er skammelig.

Eg klipper buskar. Heilt feil årstid, sjølvsagt. Men når snøen ligg meterhøg på plenen i januar, og eg i tillegg er i Thailand, er det ikkje så lett å få gjort det til rett tid. Difor vil nok fleire av hagebuskane hemna seg ved ikkje å bløma i sommar. Liksom i menneskeverda, må dei handsamast med kjærleik og respekt om dei skal stråla.

Eg reparerer gjerdet. Skrur på ekstra bord så ikkje naboen så lett ser meg i tilnærma adamsdrakta når eg spankulerer rundt bassenget. Naboen har aldri vist interesse for meg når eg spradar omkring slik, men etter alle avsløringane i det siste, vert eg usikker. Eg får trøysta meg med at Vatikanet trur det er mykje sladder og slarv i desse avsløringane. Nå er jo heller ikkje naboen min verken geistleg eller katolsk, så eg kan slappa av. Men gjerdet er iallfall ikkje transparent som ein katolsk skriftestol lenger.

Eg roar meg ned. Det er fredagskveld. Prøver å finna den kjensla som eg veit kan ligga i fredagskvelden. Før kom ho av seg sjølv. Nå veit eg ikkje heilt kor ho ligg. Eg  leitar ofte både i hovudet og i hugen, før eg drar kjensel på ho. Men finn eg ho, noko eg stundom gjer, må eg ofte sjekka kalenderen før eg kan vera sikker på at eg har rett kjensle på rett dag. Nå for tida syns eg  livet var greiare før i tida.  Eg meiner fredagen. TGIF, sa eg då.

6 kommentarer:

  1. Det er vel ikkje noko fare for at Vatikanet grip inn, så slik sett kan du vel gjere akkurat som du vil. Turid

    SvarSlett
  2. Ja du har rett. Då durar eg fram som før. Eg meiner: nett som eg vil.

    SvarSlett
  3. Det blir nok rik blomstring i år og. Men tror det blir "døden" for Vatikanet etter disse verdensomspennende avsløringene som er kommet nå igjen, det er jo som en ny inkvisisjon. Er det ikke heksebrenning så er det krig og misbruk. Gunhild

    SvarSlett
  4. Ja dei katolikkane har mykje å svara for, og det er dei nok ikkje aleine om

    SvarSlett
  5. Eg har aalltid klypt busker og tre før lauvsprett om våren, og det har ikkje skorta på bær og frukter. Men det er annleis for meg som ikkje spradar naken i hagen.

    SvarSlett
  6. Ein må være forsiktig med nakenhet i hagen i disse tider. Noen kan tro du er katolikk. Ta i alle fall på en liten "Munkekappe". Gunhild

    SvarSlett