Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 26. april 2010

Kunst, katedral og shopping

Tate Modern stod høgast på lista idag. Den ligg sør for elva, og  var tidlegare ein kraftverksbygning. Men frå 2000 vart verkstdahallen ominnreia til kunstmuseum for deler av Tatesamlinga, som trengte meir plass. Mykje gjeve ting å sjå både av Picasso, Matisse og Bacon. For ikkje å snakka om Warhol sin biletserie av Marilyn Monroe. Dei varmde ein gammal kropp.
Men det som kanskje imponerte mest, var utsikten over London. Mot nord Millennium Bridge  og St Paul's Cathedral. Og mot sør og aust. Shakespear's Globe, London Eye og  Docklands. 
Frå Tate Modern var vegen kort over Millennium Bridge til ein tur innom St. Paul's Cathedral. Me har vore der før, men måtte innom og sjekka at alt stod bra til. Sjølv om kjerka ligg under den anglikanske biskopen og ikkje direkte under paven, har ho sterke trekk frå katolisismen. Her vart prins Charles og Diana gifte, og  frå her fekk Churchill si gravferd. Flott kyrkje med Peterkyrkje-inspiret kuppel. Me godkjende det me observerte her.

Så vidare til Westminster Abbey som er Storbritannia sin nasjonalheilagdom. Her føregår dei fleste bryllup, kroningar og gravferder for monarkar og anna fint folk. Kjekt å sjå dette att etter 33 år. Flott, men fasaden ofte skjemd av stilas, grunna stadig renovering og at fleire moderne minesmerke vert reist i tilknytning til bygget.

Nok kultur og lang over lunchtid blei det.. Me måtte eta. Publunch er fine greier, og maten der er nå ofte heilt på høgde med det ein kan eta i seg på restaurantar. Og så har dei så godt øl der frå handpumpe og i skikkelege pintglas med hank i. Kona har og funne ut at etter slike besøk, blir eg medgjerleg med tanke på shopping. 
Så me enda opp på Primark i Oxford street. Der har dei litt av kvar, og prisane er lågare enn hos Cubus på Husnes. Litt blir det jo kjøpt, men ikkje mykje. Ryanair sine "cabin baggage regulations" spøkjer bak pannelappen. Skal heim og.

2 kommentarer:

  1. Det einaste eg kjøpte i London var ei T-skjorte med et bilde-trykk av Obama på. Og den har eg fått mye "pepper" for. Men dokke sko sett det smilet han presterer. Når eg går forbi speilet i gangen nå, så smiler Obama mot meg med kritthvite tenner og eg smiler tilbake

    SvarSlett
  2. Gu, det må væra kjekt for deg å få Obama i huset. Alf er vel eilt på sidelinja etter dette

    SvarSlett