Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 17. april 2010

Med gull i blæra

Det er tid for å handla gjødsel. Plenen er gul etter vinteren, og skrik etter desse pelletane som svir så vondt på dei såra eg ikkje veit eg har, før eg spreier gjødsla. Til plenen har eg alltid kjøpt inn fullgjødsel 18 - 3 – 15, som er prosentfordelinga av nitrogen – fosfor –kalium.
Nå blir fosfor ein knappare ressurs for kvart år som går.  Ein utvinn fosfor frå fosforsameiningar, særleg apatitt, som finns i gruver og dagbrot i Nord-Afrika, Canada, Kolahalvøya og Florida. Spesielt i Nord-Afrika er det politiske konflikter knytt til fosforførekomstane, og i  fleire av dei andre gruvene er det nå lite att.   Australske forskarar tok opp problemstillinga for fleire år sidan (klikk her), og NRK tok oppatt problemet denne veka.  Forskarane ymta om at jorda har frå 30 til 100 år att med fosfor. Me snakkar altså om eit tidsperspektiv, som er så kort at det går inn på meg.  Det vil bli slik, om ikkje for  meg, så iallfall for mine barn og barnebarn, at det vert for lite fosfor i verda. Levande organismar klarar seg ikkje utan fosfor. Og verdas folketal må reduserast, kansje til det halve.
I denne situasjonen vert det problematisk for meg å bruka av verdas knappe fosforressursar til den nokså unyttige plenen min. Då er eg med og akselererer utviklinga mot katastrofen. Eg kan ikkje vera medansvarleg også  i denne komande tragedia.
Men plenen min treng jo fosfor, om han skal ta seg ut. Det vil eg han skal. Så eg må søkja andre fosforkjelder. Det mest nærliggjande er urin. Alle pissar med meir eller mindre kraftig stråle. Feilen er at vi gjer det i doen, og trekk i snora. Ein kostbar uvane. Fosforen fer til havs, og er tapt for alltid. Eit piss i havet, som ein seier. Nyttelaust.  Folk må ut på plenane og pissa, både natt og dag. Nokre vil grua seg for dette, særleg i motvind. Ein kan jo då heller pissa i bøtter og spann,  for  å tøma det rundt på plenar og  vekster når naboane er på butikken. Og om ein syns det vert for mykje urin til eige bruk, kan ein samla opp, investera i heimebrenningsapparat om ein ikkje alt har eit slikt, og starta destilasjon. Koka vekk veska, kasta ho, og ta vare på det botnfallet som ligg att i panna. Det er nesten rein fosfor.
Dette kan ein selja, og til ein etterkvart høg pris. Urinen blir verd sin vekt i gull, i framtida. Tenk deg: vatn inn og gull ut. Alkymistens draum.
Men nytt er jo dette ikkje. Det har berre gått av moten.  I min oppvekst pissa me ofte utandørs. Anten det nå var på gulerøtene, salatplantene eller blomkåla. Husdyra pissa og ute då om somrane. Og om vinteren samla me opp urinen deira i landkummen, og spreidde han ut på graset om våren. 
Det er dette vi må attende til. Bruka organet meir til gjødsling og mindre til fræving. Lukke til.   

5 kommentarer:

  1. Eit lite reknestykke: Urinen inneheld rundt 1,3 promille fosforsameiningar. Pissar ein 2,5 liter i døgeret(noko ein greitt kan klara på gode dagar), gir dette 3,25 gram i døgeret og altså 1,2 kg i året.
    Ein 40 kg sekk med fullgjødsel av ovannemnde type, inneheld og 1,2 kg fosforsameiningingar.
    Så om eg får kona med blir dette svære greier..

    SvarSlett
  2. Då må du passe godt på at du ikkje forvekslar kaggane med råstoff når du skal til å destillere ...
    Det skulle forresten gå å blande sats og piss, ta vare på det første destillatet, kaste det som kjem etter ei stund og hive restane på plenen. Då held det med ei koking.

    SvarSlett
  3. Takkar for at du delar dine kreative tankar med oss

    SvarSlett
  4. Hvis du absolutt skal begynne med produksjon, så har jeg sett det var en ledig jobb på YARA, men jeg trudde du var pensjonert nå. Jeg har imidlertid hørt at fosfor kan bli en knapphetsvare i fremtiden.

    SvarSlett
  5. Takk for tipset, men det eg tenkte på var meir som ein alternativ konkurrent til YARA. Der fokus var på gjenbruk og resirkulasjon.Det kan eg driva med også som pensjonist, utan at Pensjonskassen reduserer pensjonsutbetalinga.

    SvarSlett