Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

tirsdag 14. september 2010

Til varmare strender







Å vera snikkar i regnvær er travelt. Ikkje før er sag, drill og høvel sett fram, så kjem det ein regnskur. El-verktøy toler lite vatn. Overser ein dette faktum, så gir huset sin jordfeilbrytar melding. Denne veka har eg snikra mellom bøyene. Den viktigaste reiskapen for å få gjort noko, har vore yr.no for Husnes. 
I slutten av veka dreg eg til syden. Værmeldinga for den spanske solkysten er annleis. Sidan yr har vore så treffsikker i det siste, reknar eg med at dei er å stola på i nokre veker til også på andre breiddegrader. 
Nerja er målet. Der på 36 grader nord finn ein (ikkje overraskande) det såkalla Middelhavsklima. Der kunne eg godt tenkt meg å vera snikkar på denne tida. Der jobbar dei i kortsbukse med magen bar vinteren igjennom, og halve dagen har dei siesta. Då er resten bart også. Om kvelden drikk dei raud, spansk vin og Sangria. Señoritaene dansar flamenco. Det er jo nettopp i denne regionen (Andalucia) at  musikkstilen og dansen flamenco oppstod. Der vert eg kalla señor, og dei meiner det på fullt alvor. Ein vyrdsam tiltale, utan at dei vil gi uttrykk for at eg er ein gammal gubbe. 
Señor carpintero, kan dei kalla meg. Slikt kan eg lika. 

fredag 10. september 2010

Mitt friske hovud

Magnetresonanstomografi er som musikk i øyrene for ein fysikar. Når eg låg i MR tunellen i Haugesund på mandag, var musikken verkeleg. Eg fekk nemleg øyreklokker på, der P4 radioen dura med sin musakk. Hovudmagneten og småmagnetane i aparaturen dura og. Dei fekk alle protona i kroppen min til skiftesvis å spinna i same retning. På denne måten kan innsendte og reflekterte radiosignal "sjå" sentralnervesystemet avdi kontraseten i høve til anna vev vert så stor.
Eg fekk tilbakemelding i går om fagfolka si tolking av bileta dei tok av skalpen min. Nå har me skanna alt som finns å skanna i hovudet ditt, sa dei. Og her på Curato har me ikkje sett eit klarare hovudet på Vestlandet i manns minne. Ikkje noko grums eller syndige tankar inni der. Alt såg så stilt og fredleg ut at me ei stund lurte på om apparaturen hadde svikta.
Eg takkar P4 redaksjonen som sendte slik avslapppande musikk klokka 12.15 til 12.45 mandag den 6. september. I denne halvtimen, då eg låg i MR trommelen, sank hovudet mitt inn i ein harmlaus tilstand. Eg sovna beintfram. Og det er jo ei kjend sak at den som søv syndar ikkje.

torsdag 9. september 2010

Steikje fine tomater

Eg var forsiktig optimist i innlegget i mai. Tomatplantene eg sette ut i drivhuset då, var skrale. Eg skreiv at dei er "blitt alt for høge og spinkle, men dei tek seg nok innatt. Det er jo denne nattefrosten...."
Mine ord er blitt sanning. Dei tok seg innatt. Me et heimeavla tomater på tredje månaden, og i dette septemberveret er produksjonen enorm. Eg reknar med å ha avling like til bursdagen min iår.
Så her i huset smattar me tomater frå frokost, gjennom middagen og til kvelds. Når det gjeld tomatframtoninga, har me landa på følgjande karakteristikk:

Farge og lukt: Klar djup raud. Konsentrert jordsmonnspreg i lukta, mykje raudt og grønt.
Smak: Stort blaut anslag, svært god syre, god munnkjensle, fin kjernesmak, sit veldig godt med mogen frukt og fin friskleik i finishen. 
Vurdering: Ei svært tiltalende tomat som vil utvikle seg vidare i eit par år om ein kokar tomatsaus på ho.
Bruksområde: Til det meste, men ikkje til makrell i boks.
Alkoholinnhald: Skuffande med mindre ein blandar seg ein Bloody Mary
Produsent: Vår Herre, men mest meg sjølv
Distributør: Eg

søndag 5. september 2010

Er dei gamle eldst ska tru?


Eg kom over denne grafen i Teknisk ukeblad av alle plassar. Stikk imot det dei fleste trur, så står nordmenn lengst i arbeid samanlikna med  situasjonen i mange andre land i Europa.
Sjølv pensjonerte eg meg litt før eg vart 64 år, og er i så måte gjennomsnittleg også på dette området. Eg er usikker på om landet er tent med å ha alle desse gamlingane i toppløna arbeid. 
Eit par døme kan brukast til å illustrera kva eg meiner. 
Døme 1: 
Eit par år før eg sjølv pensjonerte meg, kom elevane mine opp til munleg eksamen. Sensor var eldre enn meg, og alderen hadde redusert mykje hos han, særleg hørselen. Under eksaminasjonen såg eg  at han stundom flakka med blikket, og prøvde å gjera øyreflata større ved å nytta handflata som ei slags parabolantenne bak øyra. Han fekk ikkje med seg kva den svært flinke eleven greidde ut om. I karakterfastsetjing etterpå, vart diskusjonen mellom han og meg knallhard, og eg fekk slite jenta opp ein karakter i høve til det han ville gi henne. Ho skulle hatt endå betre, etter mi vurdering.
I den tjomslege atmosfæren omkring rundstykkene på lærarommet etterpå, gav han uttrykk for at han trivdes så godt i jobben at han slett ikkje skulle gi seg før pensjonsreglane  (70 år) tvang han til det.
Døme 2:
For mange år tilbake, då eg var svært ung, hadde eg og ein sensor for elevane mine som var steingammal. Eleven var svak, svært svak. Sensor var heller skranten og mista stundevis papira sine på golvet mens eg eksaminerte og eleven svara i hytt og ver. Då sensor stundom dukka opp bak bordet frå nedturane sine, hadde eleven sagt så mykje dumt at eg frykta for stryk. Dette var bra, sa sensor i diskusjonen etterpå. For første og einaste gongen i livet ville eg setja dårlegare karakter enn sensor. Nei det kjem ikkje på tale med dårlegare enn 5 her, sa sensor.
Lite veit eg om korleis det gjekk med denne eleven seinare, men handbagasjen han hadde med seg i naturfag stemde ikkje med det som stod på utsjekkingspapira. Og den gongen var me nøye på slikt. Idag kan ein jo skaffa seg gode vitnemål på så mange vis.
Eg er komfortabel med at eg gav meg mens eg framleis var brukande. Skjønt det er jo ikkje opp til meg å vurdera om eg var det. At ingen på arbeidsplassen min tviheldt på meg, eller prøvde å overtala meg til noko anna, var kanskje symtomatisk. Kva veit eg i min høge alder?


lørdag 4. september 2010

Fleire dråpar - meire søl.

Eg krusa i Sunnhordlansbassenget i går. Ein nydeleg dag då sola skein over Svanaheio, og frøken Smiley på Teisten stråla omkapp med morgensola. Ho er viden kjend blandt dei reisande, denne frøken Smiley. Ho sel billettar utan å tåla noko knussel. Ho er sjefen.
På Sundekaien flokkar folk seg nærare landgangen, jo nærare båten kjem til kaien. Denne almenmennesklege drifta som får folk til å stimle saman, er universell. Ein kan sjå fenomenet på alle av jorda sine halvkuler. Ein lidenskap etter å få stilla seg i kø anten det er på flyplassar, kinoar eller toalett. Ei slags murring i kroppen styrer åtferda, særleg i toalettkøane.
Andefuglar kappfyk med Teisten over Klosterfjorden, og slår han med eitpar knopp. Eg skal nå timen min hos augelegen, og er rastlaus.  Ikkje etter å koma fram, men på grunn av spenninga omkring kontrollen. Sist var det jo bra.
Denne gangen var det skitt igjen. Det blei skrive ut resept på fleire flasker. Nye dosar skal i auga. Morgen, morgen og kveld. Nå gjeld det å vera klar i hovudet og stø på handa om dette skal gå bra.
Som ein slags bonus tok Teisten meg på eit skikkeleg Sunnhordlandskrus på heimturen. Både Fjelbergøy og Borgundøy glitra i solskinet. Eg steig av på Sunde. "Takk for turen", sa eg til frøken Smiley. Og tenk, ho såg på meg. Men smilte gjorde ho ikkje.

torsdag 2. september 2010

Overdraginga

Eg har vore på overdraging. I går ringde det i mobilen min, ein HTC S740, med eit fortryllande flott ringesignal. Polyfonisk. Du er invitert som gjest ved overdraginga av den nye vidaregåande skule, sa Berit på kontoret. Det skjer klokka 12.30 og det vert servering i etterkant. Kjem du? Ja takk, klart eg kjem. Overdraging har eg jo aldri vore på før, sa eg.
Flaks at eg nett hadde kjøpt meg ny finjakke på YouWho. Ei jakke eg hadde gått og sikla etter ei stund, men som eg ikkje slo til på før eg hadde innkjøpsjefen med meg. Den kledde du, sa ho. Men ho er dyr, sa eg og stussa. Ja, men det får gå for denne gongen, sa ho.
Eg dusja meg to gonger, før eg kledde meg. Ingen skulle få setja ut rykte om at pensjonistane ikkje er nøye med hygienen. Eg brukte både den thailandske og den amerikanske deodoranten under armane. Eit slag under kvar arm. Eg tenkte på den måten å skapa eit inntrykk av noko internasjonalt. Den kosmopolitiske pensjonisten, var det eg ville folk skulle få ei aning av. Med ei romsleg Hugo Boss trøye, som ein effektiv men kledelig magekamuflator, Levis beinklær og altså denne dyre finjakka eg nett hadde kjøpt, la eg avgarde. Etter 33 år på denne arbeidsplassen visste eg at å gå dit tek meg 5 min og 45 sekund, om eg ikkje vil svetta.
Eg gav meg 20 minutt. Ikkje verd å koma forseint til overdraginga, tenkte eg. Å koma for seint til noko, er for meg utenkjeleg. Eg hatar slike uvanar nokre folk har. Dei kjem diltane etter at klokka forlengst har  passert dødlinja, og ser ut som om vi som er komne tidsnok, skal vera begeistra for at dei kjem. Såvidt eg hugsar har eg forsove meg berre ein gong i løpet av mi yrkeskarriere, men då ringde eg jobben og sa at eg var sjuk. Ingen skal ha det på meg at eg ikkje er presis. Sjukdom styrer vi jo ikkje over.
Berre lydfolka var på plass idag då eg kom. Det undra meg. Overdraginga skulle jo starta om knappe kvarteret. Etterkvart kom dei andre spesielt inviterte. Pensjonistane først. Alle hadde jo høyrd om eit gratis måltid. Så kom dei andre. Dei som skulle seia fram talar og rekka over skulen til dei som var eit hakk under dei på hakkestigen. Til slutt fekk rektor skulen, sjølv om han jo hadde brukt han i vekevis før dette. Men det var vel andre sin skule han hadde brukt då. Nå var skulen hans, og det han dreiv med blei på ein måte legalisert.
Tekstar av m.a. Henrik Ibsen, Haldis Moren Vesaas og Odd Nordstoga framførd av ei fortryllande, men avgått elevkvinne og hennar musikantar, sjarmantiserte og trollbatt oss. Ho fekk oss til å føla at det ikkje berre var marsipankaka som var rosina i kaka idag.
Ikkje alle gamle folk er pensjonistar. Nokre held ut i jobben. Skulen sin eldste lærerar, ein ikkje ukjend bloggar, held framleis fana høgt. Han er m.a. historielærar og nyttar sine kunnskapar i mange praktiske situsjonar. Det er jo vanlegvis prisverdig at fagfolk deler sine kunnskapar med ikkje-faglærde.
Ser du brukar Hugo Boss skjorte, sa han henvendt til meg. Ja, eg likar snittet, meinte eg.
Han forma og ut SS-uniformene til tyskarane, sa han. Ja det var flotte klær, sa eg. Men eg trakk nyejakka litt betre omkring meg, før eg gjekk til kakebordet.
Det var godt med søtsaker etter denne overdraginga.

onsdag 1. september 2010

Nyttig arbeid

Den 16. desember i fjor skreiv eg første innlegget i bloggen min "Observasjon og tolking". Dette er innlegg nummer 121. Det vert rundt rekna eit innlegg annankvar dag.
Kvifor driv eg eigentleg på med slikt, har eg tenkt. Bør eg heller gjera noko nyttig arbeid, har eg og tenkt.
Men nyttig arbeid, kva er nå det.  Eg er jo pensjonist, og ferdig med arbeidslivet. I 42 år tente eg opp poeng i Statens Pensjonkasse, og vart lønna av stat, fylke og kommune. Då må eg ha utført nyttig arbeid.
 Eg har jo alltid tenkt nytteverdi, når eg har brukt av energien min. Det må vera fysikkutdanninga som har sett sine spor.  I fysikkverda er det jo slik at ein definerer ulike kvalitetar for energien: Ei energiform er høgverdig dersom ho kan brukast til nyttig arbeid. Om ho ikkje kan det, er energiforma lågverdig. Energien i meg har avteke, og kvaliteten minka. Det er eindel av den naturgjevne nedbrytingsprosessen som herjar i kroppen til pensjonistar. I den grad eg prøver meg på nyttig kroppsarbeid nå, vert eg avslørt. Dei unge 40-åringane som eg er i slekt med, har  energi og  kraftressursar som eg har gløymt ut at eg nokon gong har hatt.
Såleis er det ikkje imponerande det eg kan framvisa av høgverdig energi, for tida. Men lågverdig energi er det framleis mykje igjen av. Liksom slik at eg vil mykje, men får det ikkje heilt til.
Skriva blogginnlegg er eindel av dette lågverdige. Men eg gir blaffen i om det er slik. Eg kan då sitja fredleg i stova med pc-en i fanget og la tankane driva. Reflektera og assosiera, drøyma og gløyma. Terapeutisk. Og tastane, ja dei finn eg endå.
Men nyttig arbeid, nei det er det ikkje.