Far min var utdanna gartnar. Han gjekk gartnarlinja på Tomb Jordbrukskule, og livnærte seg som gartnar i krigsåra og fram mot slutten av 1940 talet. Han hadde drivhus med svær sjeferhund i framrommet. Det held tyskarane frå å stjela seg ein godbit nattestid, meinte han.
Tomat, agurk og ikkje minst blomar var hans brennande interesse. Eg hugsar ennå den tida då eg stabba rundt han i drivhuset om vinteren. Då var det godt å vera i drivhusa hans, der den vassborne varmen heldt temperaturen på rundt 20 grader. Far min fyrte med kol den gongen. I fyrhuset, der kol-bingen var, fekk eg ikkje lov å leika. Eg blei svart på ein annan måte der, enn når eg grov i molda og i den varme hestemøkka som blei brukt inne i drivhuset.

Far min elska gartnarlivet og drivhusmiljøet. Det gjorde eg og. Eg trur han skjøna det, for då eg fekk eigen hage på Husnes, kjøpte han eit drivhus til meg. Eg har det ennå. Eg fekk det i 1980, og i alle desse 30 åra har eg dyrka tomat og agurk. Stundevis og paprika, honningmelon, druer og auberginer. Om ettervinteren og våren nyttar eg det til oppaling av blomeplanter. Når eg putlar i drivhuset, kjenner eg hopehavet med forfedrane mine, både med far min og far hans. Å dyrka og odla planter, er noko anna enn å få elevar til å modnast og til å veksa. Framgang (men og stagnasjon) er lettare å måla i drivhuset. Haustinga gir og større gleder ved middagsbordet, enn lærargjerninga kunne gi der.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar