Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 8. januar 2016

Ei neglebitt veke

2016 er ei veke gammal idag. Det har vore ei iskald veke. Eg ante uro då nyttårsgjestene måtte skrape is frå bilglass, då dei forlot oss på 2 nyttårsdag.  Men verre skulle det bli utover i veka. Og det ser ikkje ut som om det vil endra seg med det første. Iallfall om ein festar lit til Gislefoss, det være seg junior eller senior.
Eg la bort fjellturar,  sommerdekk og T-skjorter. Ingen glede i å utsette den gamle kroppen for ekstreme klimatiske tilstandar. Det har blitt ei veke i sofakroken med bøker,  filmar og rester av julegodt. Ei framifrå veke,  eigentleg. Men ei veke som bryt med alle tradisjonar hos meg og hos mange.  Slike nyttårsforsett er det få som set seg.  Men eg hevar meg over den smertelege samvitskjensla, som seier eg er lat og gjer alt feil. Eg reknar med å få tilgjeving frå frisklivskoordinatoren i kommunen, dersom eg snakkar med ordføraren først.  Han fiksar det meste på tvers av alle kommunale byråkratar, om ein skal tru lokalavisa.
Idag har eg pakka kofferten og sit på eit hotellrom ved Bergen Airport. I morgon migrerer eg til varme strok for nokre månader. Då skal eg ta fram T-skjorta igjen...

4 kommentarer:

  1. Javel, God tur begge to. Komme vel igjen te våren då, når krokkus og påskelijer titter fram. Samme sted som sist - Hua Hin? Gunhild

    SvarSlett
  2. Takkar Gunhild. Me skal først til Hua Hin og bur som sist på Norway Garden. Der treff me mange av dei hyggelege folka me var saman med sist. Etter Thailand blir det rundtur i Vietnam. Då er vi på eiga hand...

    SvarSlett
  3. God tur, og gjer deg gjerne observasjonar og tolkingar som me kan finne på verdsveven :-)

    SvarSlett
  4. Takk Reidar. Eg skal sjå kva eg kan observera og om eg evnar å tolka observasjonene i varmen.

    SvarSlett