Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 24. september 2015

Hitlers baby med brukken rygg

I 1937 blei Adolf Hitler forbanna. Det var verken første eller siste gong. Men då amerikanarane kjøpte opp Tysklands største bilprodusent, Opel, kokte det over for føraren. Han ville at Das Vaterland igjen skulle innta førarrollen i førarsetet på ein ny nasjonalistisk bil. Volkswagen konsernet blei født. 

Eg vokste opp med VW transporter T2. Det vart russebilen min i 1962. Om kvelden køyrde eg fulle russevener rundt om på fest, og om
natta køyrde eg dei ennå fullare heimatt. Om eg sjølv stundom var på stigande rus, vart det å finna ein edru reservesjåfør til bussen. Det var ikkje alltid like lett. Russen kunne å moroa seg også i dei dagar.
 På dagtid køyrde bileigaren, som var far min, modne blomkål frå kålåkeren til Gartnarhallen i Haugesund. Då vart varebilen stua full med kålhovud frå golv til tak. Ikkje ulikt slik eg gjorde det med russen på kveldstid. Far min hadde investert i denne luksus måten å frakta kål på, for å unngå at grønsakene vart øydelagde etter traktortransport til byen. Det gjaldt å få betaling for blomkåla etter 1. prisklasse, og då måtte dei handsamast med varsemd.
 Når eg vaks vidare frå russestadiet til studentlivet, vart denne bilen mindre tilgjengeleg for meg. Då var det bror min som tok over den på kveldstid. Bror min var ein villman både på moped, traktor og ikkje minst når han kom bak rattet i VW-en. Kva han dreiv med i råninga si på kveldstid i Haugesund, er det få som har innsyn i. Men den gongen han kantra bilen i krysset Sørhaugata/Kaigata, vart det uråd å ikkje koma på folkemunne. Bror min kraup uskadd ut av bilen, som nok sleit med tilstanden sin etter dette.
 VW utvikla seg frå å vera Hitlers baby til å bli eit gigantisk industrieventyr. Tysk grundigheit og kvalitet har vore noko å tru på. Volkswagen har vore eit flaggskip i den tyske økonomien, trass nokre opp og nedturar. Men så er det dette med å vera best og tena mest. Å klara seg i konkurransen der ingenting blir gitt ved dørene. Alle må jukse litt for å klare det. Eg reknar med at gamle Adolf vrir seg i si grav. Sikkert av mange grunnar, han tapte jo mellom anna krigen. Men hadde han visst at det blei amerikanarane som avslørte at VW fuska med dataprogramma som viste utsleppet av avgassar frå nokre av konsernet sine dieselbilar, hadde han nok vridd seg ein ekstra runde i grava.
 Men tyskerane har seg sjølv å takke. Skal ein fuske må ein gjere det skikkeleg. Intelligente bilar må kunne gjenkjenna om dei er under test eller under vanleg køyring. Då skulle amerikanarane ha slite med å brekke ryggen på Hitlers baby..

  Blogglistenhits

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar