Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
søndag 31. januar 2016
Buddhistane later seg ikkje om søndagen
Det er søndag i Thailand, og det er siste dagen i januar 2016. Eg sit i skuggen på terrassen og bloggar. Temperaturen er 29 grader, og vifta i taket over meg snurrar. Det gjer viftene hos naboane og. Det gjeld om å kosa seg utan at varmen tek kvelartak på ein.
Då Vår Herre hadde skapt verda på 6 dagar, kvilde han på den 7. dagen. Dette er grundig dokumentert i Det Gamle Testamentet. Ein glimrande ide, som heile den kristne verda har trykka til brystet sitt og verna om. Fagrørslene rundt om i den vestlege verda har utvida dette med ennå ein dag, så nå har vi gjort oss enda meir maklege enn vår Gud.
I Thailand trur ein ikkje på Gud. Iallefall ikkje over 90% av folket her som er buddhistar. For Buddha var ingen Gud som skrytte på seg å ha skapt verda. Buddha var ein riking som fann ut at velstand ikkje førde til lykke. Den som vil bli lykkelig må overvinna uviten, hat og grådigheit. Han gjorde seg sjølve fattig på jordisk gods og gull, og tok til å misjonera sine tankar for folket. Edle tankar, men det blir ikkje kviledagar av slikt. Sjølvsagt om Buddha nok kunne det å slappa av og. Han er iallfall hogd i både edle og mindre edle materialer i avslappa stillingar.
Det er skilnad på søndag og mandag, lærde dei vaksne oss då vi vaks opp. Om søndagen kledde vi oss i finstasen, og satt inne i stova og høyre gudstjenesten i radioen. Etter middagen, som ofte var noko med brun saus til, gjekk dei vaksne og kvilde. Då vart ungane skyssa ut for å slå ball eller jeppa pinne. Verda skulle befolkast. Kyrkja kalde det kviledagen. Gerhardsen sa at Noreg skulle byggast opp att etter krigen. Dei vaksne tok del i begge prosjekta. Særlig om søndagane.
Thaiane kviler ikkje om søndagen. Dei søv på alle moglege og umoglege stader, anten det er søndag eller kvardag. Og barn lager dei såmenn overalt. Men når eg vil slappa av på terrassen ein søndag føremiddag, då ligg dei på nabotaket og kuttar takstein med vinkelslipar.
Eg trur ikkje det var dette Buddha hadde i tankane då han predikerte lykkelæra si. Eg trur det trengs ein reformasjon av theravada buddhismen slik at me kan få litt ro her om søndagen. Buddhismen treng sin Martin Luther, meiner nå eg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar