Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 1. februar 2016

Dei er så ulike oss

Vær budd, seier speidarane. Eller Be Prepared, som Baden-Powell sa då han fekk lure initialene sine inn i speidarmottoet. Vær førebudd, sa rektor på lærarrommet før me gjekk til timen for å undervise, eller vise under, som ein kollega sa. I Thailand må ein vere budd/førebudd på at det mest uventa kan skje. Ein er i ein kultur, langt borte frå den norske.  Ja frå den europeiske også. 

Nokre døme:

Ein hevar ikkje stemmen her. På  ekte thai restaurant,  snakker ein, lågt og oppfører seg audmjukt.  Å heve røysta, blir oppfatta som om ein har mista kontrollen og er aggressiv. Dette står i sterk kontrast til oppførselen til dei kvite som ein kan oppleva på turistrestarantane. Der ligg lydnivået nær opp mot det eg hugsar i kantina på min tidlegare arbeidsplass. Om folk sat å mumla der, blei det oppfatta som om dei dreiv med hemmelig sladder. Og det gjorde dei vel...

Ta alltid av deg skoa før du går inn til folk. Dette er ein ufråvikleg regel i Thailand. Sjølv om verten seier det ikkje er naudsynt, skal ein gjere det. Også på dei lokale thai butikkane på hjørnet, gjer ein det. Sameleis hos frisøren, for ikkje å snakka om i tempelet. Å trakke inn der i sandaler, med Buddha statua rett imot, og munken sitjande ein eller annan nesten usynleg stad i tempelrommet, er å vannæra trua deira. Det er som å banne i kyrkja. Men når sant skal seiast, set eg pris på at gjestene mine heime og, tek av seg skoa før dei takkar inn på parketten min. Og det gjer jo mange...

Vær budd på trøbbel om du rører borti hovudet på folk. Sjølv ikkje barn utanfor familien skal ein klappa der. Hovudet er å sjå på som den heilagste delen av kroppen, i motsetnad til føtene som har lågaste rangen på lekamen. Kongen sitt hovud er det heilagste av alle hovud. Og sidan han er avbilda på bath setlane, skal ein vera varsam med korleis ein håndterer dei. Å ha pengeboka i baklomma, er eit lovbrot som kan straffast. For når ein då set seg ned, har ein ikkje berre konghovudet, men heile kongebilet under ræva. Ei grufull majestetsfornærming. Det er på tide at Thailand utvida sin bruk av betalingskort...

I Thailand peikar ein ikkje på folk. At ein utlending gjer det, blir tilgjeve. Thaiane skjønar vi har meir primitive omgangsformer. Men ikkje peik på munkar, og slett ikkje på nokre frå kongefamilien. Då ligg ein tynt an. Og kongefamilien er jo i nærmiljøet her me bur. HMK har sitt sommarslott i strandkanten i Hua Hin, så me må vere varsame. Skal ein peike på legfolk her, nyttår ein håndflata med fingrane retta mot bakken, og handflata mot den aktuelle personen. Ei øving som ein kan knekke handleddet på. "Ikkje peik på folk", prøvde mor mi å læra meg i oppveksten på 1940-talet. Lurer på om ho hadde vore i Thailand? 

Slik han ein forsette å leite etter kulturskildnader og undre seg over kvifor menneska er så ulike. At det er andre måtar å leve og tenke på som også kan fungere. Tenke over kvifor vi stundom kjenner på at andre folkeslag ikkje er på vårt europeiske/norske nivå. Kjenne på at menneskeverd og livskvalitet ikkje primært dreier seg om velstand og høgmoral. 

Ein kan få slike tankar ved å leve stundevis under andre himmelstrøk, og opne opp for nye inntrykk og andre måtar å takle livet på. 
Så skal ein bu seg på slikt før ein reiser. Tja til ei viss grad, men det viktegaste ein kan pakka med på turen, er vel eit opent sinn...



  Blogglistenhits

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar