Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 28. januar 2013

VATN

I natt har det regna i Hua Hin. Ei hending som er verd eit blogginnlegg, for den er sjeldan på denne årstida. Statistiske målingar syner at i gjennomsnitt regnar det berre ein dag i januar. Den dagen var eit par timar i natt. Yr.no seier rett nok at me kan venta oss nokre timar komande natt også. Me får sjå om dei veit betre enn Thai Metrologiske  institutt. Eg velgjer å tru at dei veit best om eige land.
Klokka er blitt 10 på mandag føremiddag. Eg sit i berre ei kortbukse på balkongen og bloggar. Det er behagleg kjøleg idag,   Sola er framme nå. Men palmene og plenane rundt meg er framleis våte, og dei gapar etter meir. Eg trur dei må nøya seg med det thaigartnarane gir dei frå vatnslangane sine ein gong om dagen. Då går dei rundt og sprutar, og dei gir gjerne meg ein dusj også, om eg ber om det. For i Thailand manglar ein ikkje vatn.
Grunnvatnet i Thailand står høgt. Mykje av dette låge slettelandet og deltaområdet ved Thailandbukta er sumpland. I Bankok nyttar ein av grunnvatnet til drikkevasskjelde, noko som har ført til at byen har sige nokre cm. Det saman med den høge vassføringa i Chao Praya-elva, førte jo til den katastrofale oversvømminga i Bangkok for haltanna år sidan. Ekspertar ved Cicero seier at følgjene av global oppvarming med havstiging, landsynking og nedbørsmenger/snøsmelting i Himalaya vil oversvømma det meste av byen i løpet av 50 år, om ikkje grep blir tatt. Etter det Thailand har stått for på miljøsektoren hittil, er det ingen grunn til optimisme her.
"Vi må til  Bangkok nokre dagar denne gongen og", seier eg til mi kjære. "Det ser ut som me berre har 50 år på oss nå". Ho tek fram Bangkok boka, og er igang med planlegging. Ho elskar Bangkok, folkelivet, markedene og luksushotella.
Palmetrea har fått slukka tørsten. Sjølv er eg tørst. Eg må ringa Toey, vår lokale leverandør av drikkevatn. Han kjem med 20 liter kanner som han set opp på Sanyo-maskinen vår. Då kan me tappa både iskaldt og kokvarmt drikkevatn frå den. Toey er ein kjernekar. Han slit vatnet frå lastebilen sin, opp trappa og inn på kjøkenet vårt. For vatnet og jobben vil han ha 50 baht. Han får det og stundom det doble. Då blir han litt brydd.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar