Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

torsdag 10. januar 2013

Eit flott reisefølgje

Invitasjonen plingar til meg gjennom Skype. "Me skal på strandtur til Dolphin Bay idag. Lyst å vera med?". 
Svigerinna mi og hennar mann, bror min, inviterer. "Alle har eit syskenbarn på Gjøvik", skreiv Prøysen. Eg har ein bror i Thailand. Det har ikkje alle. 
Dei som kjenner familien min veit sjølvsagt at både bror min og kona hans er ekte Vestlendingar, busett på  Sotra. Men frå november til mars bur dei i huset sitt utanfor Hua Hin. Det har dei gjort i mange år nå, lenge før pensjonistalderen inntok dei. Rett nok er bror min 8 år yngre enn meg, men i det private næringslivet er pensjonsalder eit fleksibelt omgrep.
Bror min er ingen latsabb. Han kan ikkje driva dank i sitt pensjonisttilvære. Han må ha ein hobby. Den som er interessert i å sjå kva han driv med nå kan lesa om det  HER.  I tillegg har bror min kjøpt seg stor lastebil, som han eigenhendig transporterer varene rundt til folk i heime på Vestlandet. Han er økonom bror min. Forhandlingar og kontraktskriving innan shipping i Asia har vore hans felt. Men i tillegg til det han han alltid hatt desse røffe hobbyane. Han er ein mann av bondeætt.
Klart me vil vera med til Dolphin Bay. Etter ein halvtime står svigerinna mi i døropninga her på Norway Garden. Dei har køyrd i 20 min hit for å plukka oss opp. Bror min sit i bilen som er parkert under eit tre, med kjøleapparatet på full guffe. 
Så sit me i bilen då, på veg til Dolphin Bay. Trafikken er tett ut frå byen. Me skal rundt 50 km sørover. Bilar pressar på både bakfrå og frå sidene. Dei stakkars mopedane med heile familier oppå (gjerne 4-5 stk) ligg så langt dei kan ute på vegskuldra. Dei verste råkøyrarane vil ha bror min lenger ut på vegskuldra også, slik at dei kan rasa forbi. Det vil ikkje bror min. Han prøver å læra thaifolket køyrevett. Han har ein svær bil, og oppnår difor litt respekt i trafikken, meiner han. Men lastebilfolket er han redd. Dei dopar seg for å kunna køyra lengst mogleg utan kvile, får eg høyre. Dei lesser så høgt på lasteplana at tyngdepunktet ligg mange meter over vegbanen. Labil jamvekt, kallar med det i fysikken. Slikt skal ein passa seg for.
Dolphin Bay er ei anna verd. Her finns lite av farlege køyretøy. Berre iskremseljarane tukkar rundt med trehjulingane, og kvinner/menn trålar rundt med dei manuelle trålane sine 20 - 50 m ute frå standkanten. Tid for strandpromenade, meiner bror min. Sjølv plukkar han fram ein solstol frå bilen, ei bok av Jan Guillou og ei flaske solkrem. Strandpromenade kan avviklast på så mange slags måtar. Det kan seiast mykje godt om bror min, men noko trimmar er han ikkje. Han nøyer seg med golfspeling, der caddy og golfbil er inkludert.
Eg og mi kjære nyt å gå på stranda. Ein fantastisk måte å trimma og å sola seg på. Og her treff me dei lokale folka. Dei fiskar både frå båt og vadande i Thailandbukta. Dei både kastar med not og trålar til fots. Og så hoyar dei til oss. Sa-wat-dee kraup, seier dei manlege til meg. Kvinnene seier sjølvsagt Sa-wat-dee Kah.
Denne dagen vart det fisk til lunch. Fantastisk
Ein stor takk til H&S som er eit spennande reisefølgje å ha her. Me gler oss mykje til laurdagen då Burmagrensa står for tur. For ikkje å snakke om avstikkaren me planlegg saman med dei til Vietnam i slutten av månaden.

2 kommentarer: