Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 19. januar 2013

Ei vurdering av eit sjukehus i Hua Hin, Del 3

Dei som har lese forrige innlegga mine, Del 1 og Del 2, vil skjøna kva dette handlar om
Tolking og Konklusjon:
Eg er på beina att. Bangkok Hospital i Hua Hin fiksa meg på under eit døger. Rett nok ville dei gjerne ha stulla meir med meg, men eg følte datainnsamlinga mi var fullført. Eg hadde eit tydleg nok inntrykk av kva dei stod for.
Eg har vore gjennom operasjonar på diverse sjukehus i Vest-Norge. Både Helse Fonna og Helse Bergen er testa ut. Eg har blitt sendt som ilpost frå fastlegen min til Haukeland med lumbal prolaps og merkelappen "hastar" påklistra. Slikt hjelper lite å koma med der i gården.
Eg har vore til observasjon i vassrett stilling på korridorane i Haugesund. Eg har slite meg nyoperert gjennom nettene på 4 mannsrom mellom snorkande og søvngåande oldingar. Eg har blitt skifta bleie på mens nabopasienten har besøk av kona si, og eg har trudd at slik er livet. Sjukehus livet. Og slik skal det vera.
På Bangkok Hospital var det annleis. Alt eg trudde var som det skulle vera, var ikkje slik her. 
La gå at me ikkje alltid skjøna kvarandre (noko som visst og er eit aukande problem i Norge nå), men eg vart handsama med verdighet, eg blei teken på alvor og eg fekk relevant hjelp utan ventetid. 
La gå at dei er slepphendte med antibiotikaen. Eg blei sendte heim med eit heilt "lass". Eg veit at slikt kan skapa resistente bakterier på sikt, men eg kan styra bruken av dei sjølv heime. Og dei gjer meg frisk, kjenner eg.
Norge er eit lite land. Me er få menneske, men presumtivt velutdanna. Kvifor får me det ikkje til heime? Kvifor klarer me ikkje å organisera og tilrettelegga betre på sjukehussektoren? Eg trur ikkje det er viljen det skortar på. Det burde ikkje vera pengemangel heller. Men endringsforsøka strandar. Det er så mykje fram og attende. Ein klarer ikkje finna dei gode løysingane.
Den siste helseministeren er ein flink mann. Kanskje for flink for Jens. Var det difor han fekk denne Uriasposten som ingen før han dei siste åra, har komme utav med rak rygg og ære. Jonas har reist mykje utanriks. Han bør ta seg ein tur til Hua Hin. Der bør han eta i seg giftig skjelmat og hamna på Bangkok Hospital. Då kan han observera, tolka og kanskje læra. 
P.S. Eg var ikkje før heimkomen, så ringer det danske forsikringselskapet mitt, Tryg, og spør korleis eg har det. Rekninga på kr 4700 er alt betalt. Dei ønskjer meg god betring og eit fortsatt fint opphald i Hua Hin. I kveld må eg berre å ta meg ein Gammel Dansk. 

2 kommentarer:

  1. Utrolig bra.. på haukeland ville dei helst ha oss heim før Maren kunne gå på beina så jammen er det ulikt ja...god bedring vidare då... Og... Ikkje for mye gammel dansk :)

    SvarSlett
  2. Godt at du er i form igjen, ein litt drastisk slankekur vil eg seia...

    Roar

    SvarSlett